Å nemne kjeldene

Når du hentar noko frå bøker eller Internett til ei skuleoppgåve må du skrive i oppgåva kor du har funne informasjonen. Det gjeld òg det du finn her på Heimbygda.
 
Lag ei liste, eit kjelderegister, over dei sidene du har henta stoff frå. Det skal stå heilt sist i oppgåva.


Dette er viktig å skrive opp i kjelderegisteret
  • Tittelen på sida (Her: Heimbygda)
  • Året då sida vart sist oppdatert (Sjå oppdateringsdatoen i venstre ramme)
  • URL (nettadresse) til sida
  • Nedlastingsdatoen (då du gjekk inn på sida)

På Heimbygda er det same URL til alle sidene. For å få fram akkurat kva for ei side du har brukt kan du skrive opplysningane slik:

Heimbygda (årstal): <Emne>; <Underemne>; <Forteljing>. URL: http://www.heimbygda.no. [Lasta ned dato.månad.år]
- uansett  du skriv tittelen på spørsmålssida,

Døme: Heimbygda (2009): Mat; Kvardagsmat; Kjøt og fisk. URL: http://www.heimbygda.no/. [Lasta ned 24.05.09].                                                                   


Sitering


Viss du siterer tekst frå Heimbygda, det vil seie skriv noko akkurat slik det står, må du

1. Skrive desse orda i kursiv.

2. Skrive namnet på forfattaren (her: "Heimbygda") og nedlastingsdato i parentes rett etter teksten.

3. Hugse å skrive alle opplysningane om sida i kjelderegisteret, sjå over.

Døme:
Mjølk frå ku eller geit har alltid vore viktig både til drikke og matlaging i Hallingdal.
(Heimbygda. Lasta ned 24.05.09).

I kjelderegisteret: Heimbygda (2009): Mat; Mjølk. URL: http://www.heimbygda.no. [Lasta ned 24.05.09]


Indirekte sitat

Viss du vil nytte ei forteljing som Heimbygda sjølv har sitert (døme) må du skrive sitatet slik som over, men i parentes skal det stå namnet til den opphavlege forfattaren og årstalet då boka/artikkelen vart skrive.

Slaktedagen stod me ungane med nasen mot glaset for å vera den fyrste som oppdaga Bergahagen der han kom vabbande gjennom snøen i høge lêrstøvlar, våmmålsbrok, ei godt patinert skinnjakke og bremluve og med ein rupesekk på ryggen (Moslåtten, 2004).

I kjelderegisteret: Moslåtten, Arne (2004). Hallingdøl: Minne frå dalen, s. 47-49. Sitert på nettstaden Heimbygda: Mat; Kvardagsmat; Kjøt og fisk. URL: http://www.heimbygda.no [Lasta ned 24.05.09]
 


 
Bruk av bilete

er noko for seg. Her er det ofte andre personar eller institusjonar som har rett til å bli nemnt. Brukar du eit bilete, så ta med dei namna du finn under biletet og skriv "Henta frå http://www.heimbygda.no". Døme:


                              
Foto: Helge Strand / Ål bygdearkiv
Henta frå http://www.heimbygda.no

Hugs: Du kan ikkje legge eit bilete frå Heimbygda ut på ei eiga nettside eller dele det ut til andre (i utskrift eller på internett) utan å spørje oss fyrst. Heimbygda kan gi deg kontakt med fotograf eller fotografen sin familie, som har retten til biletet.

Mange bilete er lånt frå Ål bygdearkiv. Også her er det fotografen eller fotografen sin familie som har retten til biletet! For å sjå originalen, kontakt bygdearkivet på telefon 32 08 50 91.

NB: Hol bygdearkiv har rettane til bileta til Sigvat Tveito, m.a. dette.  


Har du spørsmål?

Ta kontakt med nettredaktør Synne Fredriksen.


Kjelder til denne sida:

NB - denne sida er lagt ned, og me leitar etter ei erstatning å vise til. 14.11.11

Skolenettet (2006). Inn i jungelen: Kildekritikk. URL: http://skolenettet.no/moduler/templates/Module_Overview.aspx?id=27518&epslanguage=NO. [Lasta ned 25.08.08]