Ål i år 1900


 Sundre i 1897                                                        Foto: Hans Kaasalien / Ål bygdearkiv                                                  

Kan du tenkje deg eit liv utan telefon, asfaltveg og elektrisk lys i mørkret? Desse tinga var ikkje vanlege for vel 100 år sidan. 

På mange vis var det vanskelegare å klare seg i kvardagen i år 1900. Men etter kvart kom oppfinningar og nyvinningar.

Elektrisitet, tog og vegbygging gjorde særskilt mykje for utviklinga i Ål. Det vart lettare å nå kvarandre - og omverda.

Veit du om fleire viktige hendingar? Kontakt oss!

Reiskapar
Vegar og jernbane
Butikkar
Telefon og post
Organisasjonar og arrangement
Straum
Bygningar og institusjonar
Bøker og avisar
Andre viktige hendingar - frå 1845 til 1940


Kjelder



Reiskapar
(ABS2 s. 243-244)

Ålingane var ikkje så raske til å prøve nye oppfinningar. Det gamle var velprøvd, godt og billig. Særleg gjaldt dette arbeidsreiskapar. Tre var bytta ut med jern, men treskemaskinar, plogar og sager gjekk framleis med hand- og hestekraft. Langt ut på 1900-talet fanst det dei som treska med tust, eit spesielt handreiskap. 

Rett før århundreskiftet kom radsåmaskinen og separatoren (s. 254), og i 1900 slåmaskinen.

Seinare
Med elektrisiteten i 1914 kom maskinane inn i landbruket. Bøndene kunne kjøpe seg elektriske gardsmotorar til treskemaskinar, kappsagar og andre nyttige hjelpemidlar. Dette var det òg eindel folk som venta med.  Pengane hadde nok ein del å seie for dette valet. 


Vegar og jernbane
(ABS2 s. 290-298)

I 1900 var køyrevegen (kjerreveg) gjennom Hallingdal vel 70 år gamal, og utbygging av bygdevegar og stølsvegar var godt i gang. Det hadde kome jarnbane mellom Krøderen og Drammen (og Kristiania), og denne kunne hallingane bruke. Om vinteren, når Hallingdalselva og Krøderen var islagte, kunne dei køyre med slede. Hest og kjerre eller slede var skyssmiddelet langt ut på 1900-talet. 
 
Seinare
Ål måtte vente på toget til 1909. Bergensbanen vart høgtideleg opna 27. november. Toget stod på Ål stasjon i nokre minutt, til stor glede for ålingane. Med toget kom det mange endringar, særleg når det gjaldt handel og frakt av varer.

Den fyrste bilen kom til Ål rundt 1913. I 1921 var hovudvegen heilt open for biltrafikk.  

Fram til 1933 hadde skysstasjonar frakta folk med hest mot betaling. Men bilen tok over, og den siste skysstasjonen vart nedlagd i 1933.  
 

Butikkar
(ABS2 s. 285-287)

Ål hadde fått nokre få krambuer (butikkar) i 1900. Dei selde alt mogeleg, frå såpe til tobakk. Nett som i dag var dei fleste butikkane på Sundre. Aals Præstegjelds Sparebank, som kom i 1870, lånte ut pengar. Dei gjorde det lett å starte ny handel. 

Seinare
I 1920 kom dei fyrste sylvrevane til Ål, og fleire og fleire starta med pelsavl. Denne butikken sette Ål på noregskartet som sylvrevsbygd og hjelpte kommunen i tunge økonomiske år.

i 1928 opna det fyrste meieriet i Ål, Hallingdal meieri (s. 278). Tidlegare fanst det ikkje sal av mjølk, berre av mjølkeprodukt.

I 1979 kom den fyrste minibanken til Ål, i Aal Sparebank (Haug 1995 s. 39)

I 1985 vart Ålingen kjøpesenter opna (Haug 1995, s.55).


Telefon og post
(ABS2 s. 298-300)

Folk flest hadde ikkje telefon, sjølv om den aller fyrste telefonlina i Ål - til Oslo og Drammen - var ferdig.

Posten var det den kommunale "postopnaren" som tok seg av.

Seinare
I 1913 var det 18 telefonabonnentar i Ål, og det tok fleire tiår før alle grendene fekk tilgang til telefon.


Organisasjonar og arrangement


Kommunen hadde i 1900 fått fleire typer idrettslag (s. 384), fråhaldslag  og ungdomslag (s. 376). Det var jamlege krøterutstillingar.

Utanom desse organiserte laga trefte folk kvarandre på festar og andre tilstelningar, gjerne i samband med høgtider eller stølsliv. Og bygdefolket gjekk gjerne på besøk til kvarandre.  

Seinare

I 1911 starta den årlege Ål-utstillinga. (Haug, 1995 s 70).

I 1922 vart Aal rigsmålsforenings musikkorps (seinare Ål musikkorps) stifta (Ål Musikk-korps 60 år, 1982).

I 1928 kom Ål Sølvrevsavlslag (s. 282).   

I 1975 gjekk Den norske folkemusikkveka av stabelen for fyrste gong (Haug 1995 s. 70)


Straum
(Solhjell 1989)


I 1900 hadde ikkje ålingane straum til lys, oppvarming og maskinar. Dei brukte parafinlamper til lyskjelde inne, og peis eller vedkomfyr til oppvarming.

Seinare
Ål kommunale kraftverk starta opp i 1914 (Solhjell s. 15). Heimane på Sundre, i Øvre Ål og Torpo fekk straumen fyrst. 

I 1926 kjøpte dyrlege Gjørud den fyrste elektriske komfyren i Ål (Solhjell s. 154).

Mot slutten av 1950-åra vart det verkeleg sving i dei elektriske apparata: ålingane kjøpte støvsugarar, vassvarmarar, kjøleskåp og symaskinar (Solhjell s. 154). 


Bygningar og institusjonar


Den gamle stavkyrkja på Sundre var erstatta med ei ny (s. 328-332). Leveld og Torpo hadde fått nye kyrkje og kapell (s. 332-334).

Den gamle Tingstugu på Sundre, bygt av Torkjell Villand i 1764, var framleis ein fryd for auget - fram til brannen i 1931.

Heilt nytt var badehuset på Sundre (s. 324), som legen Rømcke hadde bygd.

Seinare
i 1922 kom Lien jordbruks- og husmorskule i gang  (s. 259).

i 1929 vart Ål gamleheim opna (s. 303). Gamleheimen tok gradvis over for det gamle systemet med kår på gardane. 

i 1946 vart Ål bygdamuseum innvigd (Breiehagen 1995, s. 19).

I 1956 starta Hallingdal Yrkesskole (Haug 1995, s. 50). Denne skulen vart seinare til Ål vidaregåande skole.

I 1974 starta Ål folkehøgskole og kurssenter for døve på Bakketeigen (Haug 1995, s. 50)

I 1992 vart Ål kulturhus opna.
 

Bøker og avisar

I 1890 fekk ålingane si fyrste offentlege boksamling (Ål bibliotek før og no). Denne var i Tingstugu på Sundre. Elles var det nokre skular og ungdomslag som hadde boksamlingar (s. 351).

Heime på gardane var det lite litteratur. Salmeboka og huspostillen (andaktsboka) var viktigast.
Nokre abonnerte på avisar og blad: Morgenposten, Almuevennen, Buskeruds blad og Børnetidende.

Seinare
I 1919 starta Ola Perstølen bokhandel på Sundre (s. 351).

I 1931 forsvann mange bøker frå boksamlinga då Tingstugu brann ned (s. 306).

I 1936 starta den lokale avisa Hallingdølen.


Andre viktige hendingar - frå 1845 til 1940


I 1845 reiste den fyrste gruppa med ålingar til Amerika. Frå 1845 til 1940 var det heile 2378 ålingar som reiste over havet! (s. 300) 

I 1876 var det ei stor skredulukke, den største naturkatastrofa i Ål fram til 1950. Heile grender i Øvre-Ål og på Sundre vart på eit par timar omskapte til skredelandskap (s. 223).

Sist i 1890-åra kom dei fyrste turistane til Ål (s. 283).

I 1931 brann Sundre. Den gamle tingstugu, fleire butikkar og to hotell forsvann. Brannen vart grunnlaget for eit nytt, moderne bygdesentrum (s. 306).

I 1940 braut den andre verdskrigen ut i Noreg. Dei tyske troppane kom til Sundre 1. mai.



Kjelder

Opplysningane er henta frå Aal bygdesoge. 2 (1952-69) av Helge Fonnum (forkorta ABS2) dersom ikkje anna er nemnt. Sidetal står i parentes.
Andre kjelder:

For fleire opplysningar om dei gamle bygningane på Sundre, sjå Det gamle Sundre (1996) av Håkon Ulshagen