[ Kjelder og turmål ]  [ Jul ]  [ Påske ]

  

Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til utskrift eller lagring på internett.
 Foto: Synne M. Fredriksen © Heimbygda 
Påskemotiv. Kortaket i Ål stavkyrkje vart måla i mellomalderen, rundt 1300. Det originale Ål-taket er utstilt på Historisk museum i Oslo. Då Ål kyrkje stod ferdig restaurert i 1959, var ein kopi av Ål-taket på plass i koret
  
Åtte av bileta i Ål-taket følgjer Jesus gjennom "den stille veka", frå nattverden på skjærtorsdag til oppstoda på fyrste påskedag.

  
Påske
Me feirar påske til minne om Jesu liding, død og oppstode. Påska er den største kristne høgtida.

Gamle påskeskikkar var likevel ikkje berre kristne. Dei var òg knytt til garden og bygdelivet. Den kristne påskefeiringa smelta saman med vårfestar som folk feira for å få eit år med god avling - og kanskje nye kjærastepar! 

Etter kvart kom skikkar som påskeegg og påskehare frå Europa. Rundt 1910 ville turistane gå på ski i fjellet i påska. Dei drog til Hallingdal med bil, buss og tog. Og i 1923 kom den fyrste påskekrimen: Bergenstoget plyndret i natt!
  
Skjemt og alvor
 Dåsakvelden
Skikkar og overtru
Bergenstoget plyndret i natt!
  
  
Påskemotiv frå Ål-taket