Buføring

Kva betyr ordet?
Kvifor drog dei til fjells om sommaren?
Kvar gjekk vegane?
Kor lenge var dei i fjellet?
Kva hadde dei med seg?
Korleis er det i dag?






















 

 

 

 






  
Kva betyr ordet?

Ordet buføring kjem av "bufar", som betyr å flytte, til dømes til og frå stølen.


For flytte, det var nettopp det dei gjorde. Om du kom reisande til bygdene i Ål ein sommardag for hundre år sidan, ville du knapt sjå ei kvinne eller eit barn. Dei var på stølane i fjellet. Kvar gard hadde fleire stølar, som dei flytte til om vår, sommar og haust.


Les om den dramatiske buføringa frå Buhovd i 1886 i:
"Ei buføring frå Beihovd i 1886" (1923) av Lars T. Bjella, i: Dølaminne (1989, s. 48-62)

Les meir om buføring i:
"Buføring" av Lars Opsata, i: Jul i Hallingdal (1976, s. 10-11)

"I buføringen" av Guri M. Holo, i: Dølaminne
(1987, s. 91-93)
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 44-47) av Kristen Svarteberg
"Stølskjerringane" av Ola Ellingsgard, i: Dølaminne (1998, s. 46)
Det ligg ein støl der inn i fjello... (1992, s. 7-8, 20-21, 39) av Margit Lappegard

Ei buføring over elva Mjølga
Bilete frå buføring til Flæen i 1930-åra
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kvifor drog dei til fjells om sommaren?

Det var for at dyra skulle beite (finne mat) i fjellet.


Bøndene i Ål og andre stader drog til fjells for å ha stadig gode, friske beiter til buskapen sin. Ikkje lenge etter at kyrne, sauene og geitene var sleppt på beite om våren, hadde dyra snart ete opp graset heime. Då var det på tide å følgje etter våren og det friske graset oppover og innover i fjellet. Fyrst til heimstølen i skogbeltet, så til langstølen i fjellet.

Møkka som dyra la att på stølsvollane, gjødsla graset så det voks godt før slåtten året etter. Hadde dei fleire stølar, kunne dei veksle mellom å vere på den eine stølen det eine året, medan dei slo graset på den andre stølen. Slik vart det meir fôr til dyra.


Stølsliv
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kvar gjekk vegane?

Først var det stiger frå gardane oppover lia og inn i fjellet. Seinare kom det vegar til stølane.


Dei fyrste vegane til stølane var stiger og vegar dei gjekk med kløvhest - kløvvegar - frå dei einskilde gardane oppover lia og inn på fjellet.

Lars Opsata har fortalt at den fyrste kjerrevegen til stølar i Hallingdal gjekk frå Liagardane til langstølane ved Lya. Denne stølsvegen vart bygd i 1850-60-åra.

Hundre år seinare hadde kommunen 25 mil stølsvegar. I dag er det i alt 40 mil fjellvegar i Ålingsfjella.


Les om kløvkøyring i:
"Kløvjing" av Embrik Veslegard, i:
Buskerud og Telemark i manns minne (1971, s. 38-39) av Henning Alsvik, Randi Asker og Leiv Fetveit (red.)
"Kløvkøyring" av Asle Kirkedelen, i: Dølaminne (1977-78, s. 55-61)


Les meir om den fyrste stølsvegen og andre stølsvegar i:
Den gamle garden (1972, s. 25-27, 89-90) av Lars Opsata
Den gamle stølen (1994, s. 140-150) av Olav Oppsato
"Oleiv H. Bråten Torpo f. 4/8-1888" (om vegar frå Torpo til stølane) av Oleiv H. Bråten Torpo, i: Dølaminne (1995, s. 75-77)
"Fjellvegane i Ål" av Sigbjørn Tormodsgard, i: spalta "Gamle Hallingdal" (Hallingdølen 7. oktober 2000, s. 17)
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kor lenge var dei i fjellet?

Budeiene og barna var på stølen heile sommaren.


Nokre var på stølen så lenge som fire månader - i juni, juli, august og september.

"Bufarsnugga" var å førebu til buføring, og "bufarsdagen" var sjølve dagen dei drog. Tida då dei skulle buføre frå langstølen til heimstølen var "bufarviku". Den siste helga på stølen, helga då dei buførte heim heitte "bufarhelji". I Ål var det gjerne den tiande helga etter jonsok (St. Hans).


Les om korleis det var å vere barn på stølen i:
Per Stavlang (1941) av Olav Sletto
"Fyrste gjætlasumar'n min" av Ola Perstølen, i: Dølaminne (1969, s. 20-55)
Det ligg ein støl der inn i fjello... (1992) av Margit Lappegard
Mi livssoge (1997) av Birgit Einarsen
"Ågot Erikson 1895-1977" av Ågot Erikson, i: Dølaminne (1998, s. 93-99).
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva hadde dei med seg?

Dei hadde med seg det same som dei måtte trenge heime.


Store førebuingar måtte til før avreisa "bufardagen".  Alt dei trong av mat, klede og utstyr måtte dei ta med seg til stølen. Dei tok med seg mjøl, kjøt og flesk. Det viktigaste var reiskap til å lage ost og smør. Alt vart lessa på kløvhesten eller lagt i kjerra. På toppen av flyttelasset satt småbarna. Dei slapp å gå den lange vegen.
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Korleis er det i dag?

I dag skjer buføringa med bil.


Det er framleis stølsdrift i Ål kommune, men buføringa har vorte enklare med åra. Dyra vert køyrd til fjells med bil - dyretransporten. Nokre bufører enno på gamlemåten; dyra går frå stølen og heim til garden.
  
Tilbake til spørsmåla