Buskapen

Kva slags dyr fanst på gardane i gamle dagar?
Kvifor var det så mange slag?
Når fekk dei kalvar, lam og killingar?
Korleis vart dyra stelt?
Kva vart dyra kalla?
Korleis er det i dag?























 

 

 

 





  
Kva slags dyr fanst på gardane i gamle dagar?

Det var husdyra ku, geit, sau, gris, hest, høner, og nyttedyra hund og katt på gardane. I 1920 kom òg pelsdyra - sølvreven.

Dei hadde mange slags dyr på gardane, men ikkje alle hadde hest.

Les om hest i:
"Hesten i arbeidslivet" av Knut M. Lappegard, i: Jul i Hallingdal (1999, s. 46-47)
"Nedreskorgråen" av Paul Breiehagen, i: Gamle Hallingdal (1983, s. 68-69)

Les om små kyr og tunge grisar i:
Den gamle garden (1972, s. 43-45) av Lars Opsata
Den gamle stølen (1994, s. 184-185) av Olav Oppsato
"Telemarksfeet" av Paul Breiehagen, i: Gamle Hallingdal (1983, s. 50-49)

Les om geita i:
"Geita" av Paul Breiehagen, i: Gamle Hallingdal (1990, s. 38-39)

Les om då sølvreven kom til Ål i:
"Sølvreven og Hallingdal" av Paul Breiehagen, i: Gamle Hallingdal (1983, s. 48-49)
"Sølvrevgården i Hallingdal Folkemuseum" av Torill Thømt, i: Dølaminne (1983, s. 89-95)
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 281-282) av Kristen Svarteberg

Les meir om dei gamle, norske husdyrrasane i:
nettstaden til Nordisk Genbank Husdyr

Garden

Søk i bokbasen på emneorda:
husdyr
pelsdyr
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kvifor var det så mange slag?

Frå husdyra fekk dei mat og klede. Hunden vakta garden, og katten jaga mus.

Dei som hadde dyr kunne vere så godt som sjølvberga med mjølk, kjøt, ull og skinn. Kjøtet salta dei ned, ulla spant dei og vov klede av garnet. Smør og skinn kunne dei selje.

Alt frå husdyra vart nytta - til og med møkka. Med mange dyr samla på ein stad vart det mykje møkk. På stølsvollen sto buskapen i såkalla "høye" og "kve", som stølsfolket flytta rundt, slik at møkka vart jamt fordelt på vollen. Då vart enga fin, for møkk er god gjødsel. Høyet slo dei til slutt. Det var best å gjødsle og slå anna kvart år.

Pelsdyrnæringa varsla ei ny tid, då dei kunne tene seg rike på eit slag.
  
Tilbake til spørsmåla

























  
Når fekk dei kalvar, lam og killingar?

Kalvane kom heile året, lam og killingar om våren.

Kyrne skulle helst kalve (få kalv) til ulike tider på året slik at ein hadde mjølk, smør og annan vare til husbruk året rundt. ”Tidlegbære” kyr kalva om hausten, ”seinbære” om våren. Ein og annan gong hende det at ei ku ikkje hadde kalv eit år.

Lam og killingar kom gjerne ut på vårparten.

Lamma fekk gå saman med mor si heile sumaren, men killingane fekk berre morsmjølk den fyrste tida. Geitemjølka skulle helst brukast til ysting og anna matlaging.  



Les om dyreungar i:
"Attersyn på livet i Skurdalen" av Øystein Kåset (Hol), i:  Dølaminne (2006, s. 20)

Garden

Søk i bokbasen på emneorda:
husdyr

Tilbake til spørsmåla


























 


  
Korleis vart dyra stelt?

Om vinteren stod dei i fjøset og fekk mat fleire gonger om dagen, dei vart pussa og stelt. Om sommaren var dei i fjellet.

I fjøset måka dei møkk og sopte golvet kvar dag. Dette arbeidet heiter å "pynte fjøset". I fjellet var gjetaren som gjorde dette; heime var det kvinnearbeid.

Fôret til dyra måtte dei bere frå låve og fôrtrev. Dei kunne ha høyet i teiner, men sjølve beringa var tungt arbeid. Vatn måtte òg berast.

Dei beste mjølkekyrne fekk det beste fôret.

Les meir om korleis dyra vart stelt i:
"Fyrste gjætlasumar'n min" av Ola Perstølen, i: Dølaminne (1969, s. 25-27)

Les om utstilling og fehandel i:
Den gamle garden (1972, s. 76-83, 123-133) av Lars Opsata
"Frå sveltefôring til overproduksjon" av Paul Breiehagen, i: Gamle Hallingdal (1986, s. 16-17)

Gjeting
Slått og fôrkøyring
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva vart dyra kalla?

Dyra  hadde eigne namn.

Geit og sau kallar me "fena" (småfe). Kyrne, geitene og sauene hadde alle namn, og budeiene lokka på dei på bestemte måtar. Kyrne kunne heite Baselin, Bliros, Dropla, Løvrei, Stjernekoll og Venepru. Blålina var namnet på ei geit.

Les dikt om Rosenkoll og Leikros:
"Ho Guri og Rosenkoll", i: Dikt og draum (1943, s. 40-41) av Olava Engh
"Leikros mi", i: Dikt og draum (1943, s. 39) av Olava Engh


Les meir om namna på dyra i:
Den gamle stølen (1994, s. 24, 30, 35, 48, 60, 65, 84, 92, 98) av Olav Oppsato
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Korleis er det i dag?

I dag er gardsdrifta meir spesialisert.

Færre driv gard, men dei har fleire dyr enn før. Men om det er fleire dyr, er det færre slag. Gardsdrifta er ofte spesialisert slik at ein gard berre har mjølke-, kjøt- eller ullproduksjon.
  
Tilbake til spørsmåla