[ Kjelder og turmål ]  [ Hallingmålet ]  

  


 
Utdrag frå boka "Me og uss, de og dikko" av Ål og Torpo mållag
  
I 2005 gav Ål og Torpo mållag ut ei ordliste med mange hallingord. Noko er lett å kjenne att frå "vanleg" norsk, men hallingmålet har òg spesielle ord og uttrykk som ikkje er gode å gjette seg til.

  
Hallingmålet

Veit du kva det er å gjera nokon ei ”bainke”? Eller å ”fyse på”? Eller å vere "snaisen"?*

Alle språk og dialektar endrar seg etter kvart som tida går. Det gjeld også hallingdialekta. Ord som dei ovanfor blir mindre og mindre brukt. 
  

Tidlegare var det slik at hallingar som budde og arbeidde i storbyen la om til bokmål fordi hallingmålet var så spesielt og rekna som lite fint. I dag er det vanleg at unge hallingar snakkar bokmål også når dei er saman med andre hallingar. Kvifor er det slik, trur du?   

Hallingmålet vil berre leve så lenge nokon brukar det!

* ei bainke: ei teneste; fyse på: ha lyst på, sikle etter; snaisen: fin (særleg om jenter) 

  
Munnlege forteljingar
Dialektprøve: Timrekjøyring
   ? So sea me her
 
  
 
     

Meir om bruksretten til bilete