[ Kjelder og turmål ]  [ Folkekunst ]  [ Folkedrakt ]  [ Folkemusikk ]

  

Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til ikkje-privat distribusjon eller publisering.

Fotograf: Ukjend. Utlånt frå Ål bygdearkiv.
Sevat K. Jallo-Sorteberg og Birgit A. Tveito-Sorteberg med åtte ungar i 1898. Bak frå venstre: Arne, Anne og Birgit. Foran frå venstre: Birgit, Ågot, Knut, Sevat og Guri.
  
Her ser me eit døme på finstasen ålingane bruka rundt 1900. Dei to eldste jentene har jentepannelin, mora har hette med lykkjeplagg. Den eldste jenta og mora har den finaste trøya (opentrøye), dei andre jentene kneppetrøye.

  
Folkedrakt

I fleire hundre år har Ål og Hol hatt ei folkedrakt som berre høyrer til i desse bygdene.

Plagga til folkedrakta endra seg litt etter kvart: dei vart større eller mindre, skifta fargar og skifta mønster.

Rundt 1900 bruka ålingar flest folkedrakt både til kvardags, helg og høgtid. Kvinnene gjekk med dosakleu (stakk og dos), mennene med vest, trøye (jakke) og langbrok (langbukse).

Kleda var det kvinnene som laga, anten til seg sjølv eller andre. Mennene stod for alt som hadde med lêr og skinn å gjere. Det fanst skreddarar som sydde trøye og fine mannsklede.

Det var fargerike band og annan pynt på kleda til kvinnene. Dei laga mønster sjølv, og det trong ikkje vere likt på alle delane av drakta.

Det var viktig å bruke rett plagg til rett tid. Ein kunne ikkje gå med kvardagsklede i kyrkja, og ein skulle vere fin når ein gjekk burt fremman (gjekk på besøk).

Kledelege forteljingar
Gå kji som eit haugamennskij!
Skreddaren
Dokkene til Anna Myro
   ? Dosakleu

 
  
Reiskaper til å lage klede med

Meir om bruksretten til bilete