[ Folkedrakt ]

  
Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til ikkje-privat distribusjon eller publisering.
                                                            Foto: Aagot Noss
© Norsk Folkemuseum
Oliva Dalen frå Hol tek på seg hetta. På hovudet har ho plagget hette, i handa har ho lykkjeplagget (sløret) som vart bruka utanpå i kyrkja og i festleg lag.
 
Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til ikkje-privat distribusjon eller publisering.
              Foto: Aagot Noss © Norsk Folkemuseum
Oliva Dalen har "plagg på hettun", slik kjerringane gjekk til kvardags på 1800-talet.
  
Kjelder
"Frå folkedrakt til bunad" av Aagot Noss, i: Folk og klede - skikk og bruk (1994, s.45)

Andre forteljingar
om hettebunaden finn du i:
Nærbilete av ein draktskikk (1992, s. 61-72) av Aagot Noss

Sjå elles filmen Tre damer og ein draktskikk (2008), der Aagot, Ragna Vetteren og Anna Myro fortel om bunaden og syner koss hetta vart påsett.  













Meir om bruksretten til bilete
  
Gå kji som eit haugamennskij!
I gamle dagar skulle gifte kvinner (kjerringar) i Ål alltid gå med hovudplagget som heitte hette, både heime og ute. Det var teiknet på at ho var gift, og ho gjorde stas på mannen sin med det. Men frå 1870-åra starta nokre med å gå berre med plagg (tørkle) til kvardags, slik som jentene hadde det. Dette var enklare å setje på. Men det var verre å sjå kven som var kjerring på garden, og mange tykte det var ille at hetta ikkje vart brukt.

Ein mann sa til kjerringa si: ”No sigje eg deg Gro, at du har på deg hetta og kji går som eit haugamennskij!”

Seinare vart det også færre som brukte hette i helga, og etter kvart vart det til og med uvanleg med hette til høgtid og fest.