[ Folkedrakt ]

  

Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til ikkje-privat distribusjon eller publisering.
Foto: Synne M. Fredriksen

 
Helgeklede brukt om sumaren. Kvitt tørkle,  kvardagsstakk med livgjurd og avardeld.

Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til ikkje-privat distribusjon eller publisering.
Foto: Synne M. Fredriksen

Helgekledd kjerring med hette og lykkjeplagg. Dos med livgjurd.
  
Kjelder
Munnleg informasjon frå Anna Myro.

Les meir
om Anna Myro i
- Aal bygdesoge: slektssoga (2008), b. 3 s. 376
-
Det tilla og det læt (1999, s. 296) av Paul Breiehagen 

Sjå elles filmen Tre damer og ein draktskikk (2008), der Anna Myro fortel om dokkene og kleda dei har på seg.  

Dosakleu

Meir om bruksretten til bilete

  
Dokkene til Anna Myro
Anna Myro (1912-2009) vaks opp ei tid då det framleis var vanleg å gå i hallingklede både til kvardags, helg og høgtid. Ho har arbeidd for at folk skal hugse korleis dei gamle folkedraktene var. Gjennom heile livet har ho sauma sjølv, halde kurs og pynta brurefolk.

Anna har òg kledd opp dokker med folkedrakter som var i bruk då ho vaks opp. I 2006 gav ho elleve dokker, ti jentedokker og ei gutedokke, til Ål bibliotek. Ingen av dei er like. Nokre har sykneklede (kvardagsklede), andre er pynta til helg eller høgtid og fest. Biblioteket fekk òg eit gamalt hårlag (hovudplagg til brur) som Anna hadde sett i stand.

Dokkene og hårlaget står i ei utstilling på biblioteket.