[ Kjelder og turmål ]  [ Folkekunst ]  [ Folkedrakt ]  [ Folkemusikk ]

  

Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til utskrift eller lagring på internett.
Schirmersamlinga © Riksantikvaren
I tida rundt 1900 reiste elevane til Hermann Major Schirmer frå Kristiania til dalane i Sør-Noreg. Dei skulle lære å teikne norske hus. Ein av turane gjekk til Hallingdal. Då laga Albert Tønnesen denne tusjteikninga av stugu på Settungsgard i Vats. Stugu hadde Herbrand Sata og sonen Nils Bæra måla i 1820-åra på oppdrag frå Embrik Settungsgard. Stugu vart freda i 1923, og har stått på Ål bygdamuseum sidan 1988
  
Roser og blad, løver og drakar, Jesus og andre figurar pyntar opp i stugu. "Jeg vil heller bo hos (løver) og (drakar) end hos en ond (kvinne)", fortel rebusen på takbjelken i Settungsgardsstugu. Målaren fann rebusen i ei biletbok frå 1743.

  
Folkekunst
Folk i Hallingdal har likt ting med fine formar, mønstre og sterke fargar - som ølbollar, kister, skåp, åklede og sledar. Det meste var laga av tre. Noko laga dei sjølve, og noko fekk dei kjøpt.

Noko var til kjærasten, noko til pynt, men mykje var i bruk: mangletre, stempel og formar til smør og ost.

Viktig utstyr vart merka med teikn som skulle gje vern mot vonde makter. Andre ting vart måla med hallingroser eller bilete frå den store verda.
  
Med kniv, pensel og stempel
Treskjering
Rosemåling
Skinnfellroser
  
  
Hesten i folkekunsten
Klikk her for å sjå biletet og få vite meir Klikk her for å sjå biletet og få vite meir Klikk her for å sjå biletet og få vite meir