[ Folkekunst ]

  

Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til ikkje-privat distribusjon eller publisering.

                                                                                                        Fotograf Schrøders Stiftelse
Utsnitt frå ei kiste måla av Herbrand Sata og/eller Nils Bæra i 1823.

 

  
Kjelder
Opplysningane om Truge Gunhildgard, Herbrand Sata, Nils Bæra, Embrik Bæra og målarkunsten deira er henta frå: 
Folkekunst i Norge
(1975, 1998, s. 11-12, 15-16, 44, 212, 216, 221-225) av Peter Anker   
Norske antikviteter fra bygd og by
(1994, s. 31-32) av Bernhard Rostad og Stephan Tschudi-Madsen (red.)
Rosemåling i Hallingdal (1978, s. 21-26, 31-37, 43-46, 48-56, 110-116, 125-174) av Nils Ellingsgard
Aal bygdesoge (1952, band 1, s. 384-392, 410) av Helge Fonnum og Kirsten Svarteberg


Biletet er henta frå Rosemåling i Hallingdal (1978, s. 143) av Nils Ellingsgard.
  
Rosemåling
Tre kan målast på med pensel av dyrehår. Nokre lærte seg å lage måling av plantar og mineral, blanda med lim eller olje. På 1700-talet byrja dei å måle blomar og bladranker, dyr og menneske, hus og tre i kraftige fargar - i tak og på veggar, skåp og kister, ølboller og -kanner. Ideane fekk dei frå kyrkjene, byane og bilete på tallerknar og omnar, i bøker, biblar og skillingstrykk. Truge Gunhildgard frå Ål var den fyrste kjende bygdemålaren i Noreg, men det var Herbrand Sata og sonene hans, Nils og Embrik Bæra, som skapte hallingstilen i rosemålinga 1800-30.