Fredlaus

Kven var fredlaus?
Kven var Eivind Fredlaus?
Kven skulle halde lov og orden?
Korleis var rettssystemet?
















 

 

 

 












  
Kven var fredlaus?

Den fredlause var dømt til å leve utanfor samfunnet, og var ikkje verna av loven.


Det var tinget (retten) som kunne dømme folk fredlause. Fredlaus vart den som hadde gjort eit alvorleg brotsverk, til dømes å drepe eit anna menneske. Han eller ho mista då "freden" og all eigedom, og vart satt utanfor samfunnet utan rettsvern.

Denne straffa gjorde at kven som helst kunne drepe den fredlause utan sjølv å få straff. Difor freista den fredlause å leve i skjul for andre menneske. I Hallingdal var fjellet den sikraste opphaldsstaden for fredlause.


Søk i bokbasen på emneordet:
fredlause
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kven var Eivind Fredlaus?

Han var ein mann frå Leveld i Ål som vart dømd fredlaus for drap i 1719.


Eigentleg heitte han Eivind Gudbrandsgard. Kyndelsmess, den 2. februar 1719, kom han til å drepe Ola Øylien under ein krangel om eigedomar i utmarka. Straks gøymde Eivind seg i fjellet. Han vart dømd til døden for drapet og levde som ettersøkt og fredlaus i nærare 20 år før han vart funnen drepen i Toviken året 1737.

Les meir om kva som skjedde i:
Aal bygdesoge (1952, band 1, s. 352-354) av Helge Fonnum og Kirsten Svarteberg
Soga om Eivind Fredlaus (1998) av Sigvat Medgard
"Soga om Eivind Fredlaus. Ein roman - inga historiebok" av Sigvat Medgard, i: Dølaminne (2000, s. 66-69)
 
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kven skulle halde lov og orden?

Det var dei offentlege tenestemenna - futen, skrivaren og lensmannen - som skulle halde lov og orden.


Dei offentlege tenestemennene blir ofte kalla "øvreheita". Etter 1660 var det kongen som valde fut og skrivar.

Futen var skatteinnkrevjar og hadde oppsynet med dei rettslege tilhøva i eit større område - futedømet. Frå 1650 var Ringerike og Hallingdal eit futedøme.

Skrivaren kunne lese og skrive - og han kjende lova godt. Frå 1590-åra hjelpte han retten med å skrive protokoll, og snart vart han den leiande i retten. Han administrerte og dømde i same område som futedømet - i Ringerike og Hallingdal sorenskriveri - fram til 1812. Då fekk Hallingdal sin eigen skrivar som budde på Nes.

Lensmannen arresterte og heldt fangar i varetekt etter ordre frå futen. I tillegg måtte han gjere saker kjent for folk - kome med kunngjeringar. Truleg fekk Ål prestegjeld eigen lensmann i 1580-åra. På 1700-talet var lensmannen ein vanleg bonde i bygda. Han var såleis både ein del av bygda og øvreheita. Dette var ingen takksam stilling, og det var ikkje mange lensmenn som hadde denne jobben lenge. Frå 1760-åra var lensmannen ikkje lenger vanleg bonde, men hadde eiga stilling som lensmann.

Det er mange saker som tyder på urett og vald i bygdesamfunnet på 1700-talet. Folk tok hemn og ordna opp på eige hand. Det var vanskeleg å halde lov og orden. Dei offentlege tenestemennene hadde ei vanskeleg oppgåve. 


Les om lensmennene i Ål i:
Aal bygdesoge 1952, band 1, s. 266-267, 318-322) av Helge Fonnum og Kirsten Svarteberg
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 214-215, 322-323) av Kirsten Svarteberg
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Korleis var rettssystemet?

Sakene vart avgjort når retten møtte på dei ulike tinga.


Den lågaste retten var bygdetinget, og Ål var eigen tingstad med ei "tingstugu", der retten møttest. Der vart det halde ting fleire gonger i året. På 1700- og 1800-talet steig talet frå 3 til minst 6 ting i året.

Skrivaren leia retten og hadde med seg 6 lagrettemenn, oftast bønder frå bygda. Om folk tapte saka si i bygdetinget, kunne dei anke til lagmannsretten, til overhoffsretten, og sidan til høgsterett.

Frå 1796 skulle eit forliksråd løyse usemje mellom partane i småsaker. Folk vart vane med å nytte forliksrådet, og talet på saker steig raskt.

Les om rettstilhøva i mellomalderen i:

Aal bygdesoge (1952, band 1, s. 179-182) av Helge Fonnum og Kirsten Svarteberg

Les om rettstilhøva i tida 1500-1700 i:
Aal bygdesoge (1952, band 1, s. 259-267) av Helge Fonnum og Kirsten Svarteberg

Les om rettstilhøva i tida 1700-1814 i:
Aal bygdesoge (1952, band 1, s. 315-322) av Helge Fonnum og Kirsten Svarteberg

Les om rettstilhøve i tida 1815-1870 i:
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 213-215) av Kirsten Svarteberg

Les om rettstilhøva i tida 1870-1940 i:
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 322-323) av Kirsten Svarteberg
  
Tilbake til spørsmåla