Garden: Ordliste

Bonde (norr bóndi, búandi, eigl pr pt av búa 'bu, ha bustad')
1) person som driv jordbruk på eigen (eigne) gard(ar) og lever av det; gardbrukar, eller
2) gardmann, til skilnad frå husmann og strandsitjar, eller
3)
gardmann med heller stor gard, til skilnad frå småbrukar

Bufar(ing): flytting til eller frå stølen

Eng (norr eng): grasmark til slått (el. beite)

Fôr (norr fóðr; smh med føde)
1) mat til husdyr, eller
2) det å fôre eit husdyr om vinteren

Gard (norr garðr; eigl 'inngjerding')
1)
leigedom, bustad med hus og dyrkingsjord (over eit visst areal)
2) inngjerda jordstykke

Gimber (dialekt: jimmer; norr gymbr): årsgamal hosau

Harv (dialekt: horv; norr harfr): jordbruksreiskap med tindar eller skåler brukt til å smuldre og jamne jorda med etter pløying

Harve: køyre over åkeren med harv

Hesje

1) rekkje av staurar (stokkar) oppsette med høvelege mellomrom og samanbundne med stenger el. ståltråd i fleire høgder til å tørke høy el. korn på
2) hengje gras eller korn på hesje

Husmann (norr húsmaðr)
1) mann som får bruke eit stykke jord (ein plass) av ein gardbrukar mot visse plikter (særleg arbeidsyting), eller
2) mann med hus, men utan jord

Høy (norr hey): slege gras som er tørka (el. som skal tørkast) og skal nyttast til husdyrfôr

Hone (dialekt: Honæ): årsgamal geit

Livdyr: ungdyr som skal fôrast opp og brukast til avl el. til å gi avdrått (mjølk/ull), motsetnad til slaktedyr

Onn
1) hardt utearbeid på ein gard, i regelen på ei viss årstid (skurdonn, våronn osv.), eller

2) tid da ein driv onn

Plass (norr plaz n, gj lty frå lat. platea 'brei gate'; smh med plate)
1) område, areal nytta til særskilt føremål, eller
2) husmannsplass

Plog (
norr plógr) reiskap til å pløye åker med leggje nytt land under p-en

Pløye
(norr pløgja): brøyte, skjere gjennom noko (med ein plog el. som ein plog)

Skurd/skur (norr skurðr; av III skjere)

1) det å skjere, kutte og hauste korn el. anna frøavling (for hand, med maskin), eller
2) korn som skal skjerast el. er skore

Slaktedyr: dyr som fôrast opp til slakting

Slått (norr sláttr; av II slå)
1) det å slå gras, eller
2) tida for høyonna, eller
3) slåttemark, eller
4) gras som skal slåast/er slått

Småfe: samnemning på sau og geit

Staur (norr staurr): lang stav, stokk som er spissa i den eine enden gards-, hesjes-, korns-;

Storfe: større husdyr, særleg kyr

Støl (seter):
1) beiteområde med hus, sel (på fjellet) der ein har buskapen om sommaren
2) stølshus (med vollen kring); stølsgrend

Treskje (norr þreskja): skilje korn el. frø frå høy og halm med treskjemaskin el. (før) med tust

Åker (norr akr, ákr; smh med agrar, agronom)
1) jordstykke der det blir dyrka korn, rotvekstar, oljevekstar osv, eller
2) grøde som veks på ein åker


Henta frå:

Nettutgåva av Bokmåls-/Nynorskordboka, URL: http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html

Me og uss, de og dikko av Ål og Torpo Mållag