[ Kjelder og turmål ]  [ Husa på garden ]  [ Arbeidet på garden ]  [ Folka på garden ]

  

Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til ikkje-privat distribusjon eller publisering.  Foto: Ukjend/ Ål bygdearkiv
Slått på Nørdre Oppsata i 1930-åra. Frå venstre Knut Kristmoen, Lars Opsata, Ragnhild Nilsen og Borghild Eilevstøl.
  
Slåttonna var viktig på garden. No skulle fôret i hus. Alle var med i dette arbeidet - menn med ljåen, kvinner med riva og hesten framom vogna.

  
Arbeidet på garden
Heile året var det mykje arbeid på garden, både ute og inne. Mykje av dette arbeidet var knytt til dei tre store onnene - våronn, slåttonn og skurdonn.

Bøndene hadde òg arbeid med vedlikehald: reparering av vegar, hus, gjerde, reiskapar og klede. Trehogst gav nye byggemateriale og ved til fyring. Jakt og fiske gav meir mat på bordet og pengar i skrinet. 

I tillegg kom det daglege arbeidet kvinnene hadde med matlaging, klesvask og fjøsstell.

Borna hjelpte til så snart dei var store nok. Dei var verdifull arbeidskraft.
  
Ein mann eller ei kjerring som var god til å arbeide fekk godt rykte på bygda.

 
  
Arbeidsame forteljingar
Utearbeid
Kveldsetu
Handel og sjølvberging
   ? Slått
? Gjeting
? Buskapen
? Ut å tene
 
  
Bilettekst
Bilete 1 Bilete 2 Bilete 3