[ Arbeidet på garden ]

  


                                              Foto: Knud Bergslien

Ein skreppekremar på besøk i ei norsk bygd. Kor kan dette vere?
    
Kjelder
Eitt kapittel frå Buskerud og Telemark i manns minne (1971, s. 90-92), skrive av Nils Krydshaug, Ål
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 73-74 og 86-89) av Kristen Svarteberg

Fulltekst (Nils Krydshaug)


Andre forteljingar

om handel og sjølvberging finn du i:
Den gamle garden av Lars Opsata (1972. s. 76-83 om driftehandel ; s. 84-85 om varuhandel) 
Dølaminne (1972, s. 16-20 om fehandel i Gudbrandsdalen)
Dølaminne (1974, s. 39-45 om byferder og lassekøyring)
Oppi dalo  av Lars Opsata (1977, s. 75-82 om sjølvberging)
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 283-290) av Kristen Svarteberg

Meir om bruksretten til bilete
  
Handel og sjølvberging
I gamal tid var Ål sjølvforsynt med mest alt som folk hadde bruk for. Var det noko folk ikkje fekk laga, så bytta dei seg imellom og betalte med varer.

Ofte var det den som trong tingen som laga han sjølv, men det fanst òg handverkarar, til dømes skreddarar og skomakarar.

Nokre småvarar, som knappar, klokker og silkeplagg, kjøpte dei hjå skreppekremarar som reiste rundt på gardane. Frå 1860-åra kom det små butikkar, kråmbuer, på nokre få stader i kommunen, ofte i eit rom på ein gard.

Bønder som skulle selje varene sine eller gjere store innkjøp brukte mellommenn, varehandlarar, eller dei drog sjølv ut på langtur. Turen gjekk då ofte til Lærdal, til Branes (Drammen) eller til Kristiania (Oslo). Driftehandel, det å selje hestar og andre levande dyr, var svært vanleg.

Nils Krydshaug fortel om dei årlege markensturane til Kristiania. Dei tok lang tid og var slitsame for både folk og fe. Men dei var vel verd slitet.
Handelskarane reiste med smør, kjøt og skinn og kom heim med sukker, lêr og brennevin – og kan hende litt godt til ungane.