Dei tre onnene

Arbeidet med å så og sanke mat til dyr og folk heldt på heile året. Bøndene var avhengige av sterke armar, gode hestar og lageleg vêr. Alt måtte kome i hus før bufarhelga i september, når feet kom att frå stølen.

På nyåret vart jorda gjødsla med møk.
 
I mai var det tid for å så korn og potetar. Det kalla dei våronn. Før såinga måtte dei reinske jorda for stein og lage fòrer (renner) til såkornet. Borna kunne hjelpe til med steinplukking, og dei minste gjekk gjerne ”så-firilen” (trakka merke i jorda) med såmannen.

I juli og august kom det harde arbeidet med å slå graset (slåttonn). Mennene skar med ljåen.  Ofte hadde dei med seg ein slåttekar frå ein annan gard. Ljåen måtte kvassast på slipestein, og dette kunne større barn hjelpe til med. 

Kvinnene gjekk bak og breidde høyet utover. Seinare kådde (snudde) og samla dei høyet. Det hendte at ei jente - onnejenta - var åleine om dette arbeidet. I tillegg måtte ho lage mat og stelle hus og dyr. Onnejenta høyrde til på garden eller var ”innleidd”.

I slutten av august var det skurdonn. Då skar dei kornet både på garden og stølane. Om lag ein månad seinare, når ungane hadde ”potetferie” (haustferie), var det tid for å plukke potetar.

Når det vart snø og godt sledeføre i fjellet køyrde mennene fôret frå langstølen heim til garden på sleden. Det var stas for ein ung gut å kunne åskøyre for fyrste gong. Vinteren var òg tida for tresking (siling) av kornet.