[ Kjelder og turmål ]  [ Husa på garden ]  [ Arbeidet på garden ]  [ Folket på garden ]

  

 Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til ikkje-privat distribusjon eller publisering. Foto: Olav S. Reinton/ Ål bygdearkiv
Familien Torkjellsgard i Vats, omlag år 1892. Ffå venstre mot høgre ser du odelsguten Ola og kona hans Kristi med borna Rangdi, Sissel og Guri; bonden Elling og kjerringa Guri. Bak dei står døtrene Anne og Sebjørg. 
  
Her ser me ein gardbrukar og familien hans i finstasen. Alle budde saman på garden.

  
Folket på garden

På ein gjennomsnittleg gard i Hallingdal budde det for hundre år sidan ein gardbrukar, ei gardkjerring og 4-10 barn. Den eldste sonen, odelsguten, tok over garden når foreldra vart gamle. Dei vart verande på garden som kårfolk.

I tillegg kunne ein gard ha tenestefolk for kortare eller lengre tid. Når det var ekstra mykje å gjere kom folk på andre gardar for å hjelpe til. Det kalla dei for dugnad.

Det høyrde ofte ein eller fleire husmannsplassar til garden. Der budde husmannen med familien sin. Dei jobba både på plassen sin og på garden. Bonden kunne òg hjelpe husmannen med arbeid.
  
Folkelege forteljingar
Gardbrukaren som vart husmann
Kårfolk
Turke-Anne

En glad gut
   ? Skulen

 
  
Barn i arbeid, leik og skule