[ Folket på garden ]

  


Foto: Lars Opsata/ Ål bygdearkiv

To kårfolk: Margit Botolvsdotter Øylien-Skjervheim og Botolv L. Skjervheim. Biletet er teke rundt 1930.

 
 

  
Kjelder
"Kår" (1972) av Lars Opsata, i: Den gamle garden (1972, s. 72-75)

Andre forteljingar
om (same emne) finn du i:
På kår: den gamle føderådsskipnaden (1984) av Einar Hovdhaugen

Meir om bruksretten til bilete
  
Kårfolk
Kårfolket var dei eldste på garden, foreldra til gardbrukaren.

Når ein gardbrukar overførde garden til eitt av barna (odelsguten eller odelsjenta) sette dei opp ein avtale, ein kårkontrakt,
der det vart bestemt kva han og kona skulle få til kår. Det gjaldt mellom anna eit varmt hus, eigne dyr og ymse varer frå garden.
Kåret vart dermed ei slags pensjonsordning for bøndene.  

Kårfolka hjelpte til på garden så lenge dei hadde helse til det. Dei var òg viktige bindeledd mellom gamal og ny tid,
og dei fortalde eventyr og historier om gamle dagar for borna på garden.