[ Kjelder og turmål ] [ Husa på garden ] [Folket på garden] [Arbeidet på garden]

  

Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til ikkje-privat distribusjon eller publisering.
Arne Berg © Universitetsforlaget
Nordre og Søre Oleivsgard i Leveld rundt 1900. Denne teikninga laga Arne Berg etter oppmålingar og opplysningar frå gamle bilete og kjentfolk. Teikninga er henta frå boka Norske gardstun (1968, s. 62)
  
Store gardar hadde mange hus i tunet. Husmannsplassane hadde ofte berre ei stugu og uthus. På stølane låg stølsbua og kalvehuset.

  
Husa på garden
Der det er kaldt om vinteren, treng folk gode, varme hus til seg og dyra sine.

Måten husa vart bygd på - byggjeskikken - skilde seg frå distrikt til distrikt. I Hallingdal har dei fleste hus vore bygd av tømmer.

På den gamle garden var det mange fleire hus enn i dag. Det var hus til folk og dyr, lagring og arbeid.

Husa låg på faste plassar rundt eit gardsrom eller tun. Var det bratt i tunet, låg stugu øvst.
  
Mange hus på garden
Hus til folk
Hus til dyr
Hus til arbeid
  
  
To større og eit mindre tun