Gjeting

Kva er gjeting?
Kvifor gjette dei?
Kven var gjetarane?
Korleis var det å gjete?
Kva gjer bøndene i dag?





















 

 

 

 







  
Kva er gjeting?

Å gjete betyr å passe husdyra når dei er på beite.

"Gjetinga høyrde det gamle stølsbruket til", har Kristen Svarteberg sagt. Men husdyra - buskapen - gjekk òg på beite heime tidleg på våren og seint på hausten.

Ein gjetar hadde arbeid frå sommardagen 14. april til vinterdagen 14. oktober. Om hausten vart det bestemt kor dei skulle arbeide neste vår.

Gode gjetarar var populære. Dei hadde ein viktig og ansvarsfull jobb.

Les om gjeting i:
"Gjetarbøner frå Ål" av Kristen Svarteberg, i: Dølaminne (1968, s. 50-54)
Til seters (1969, s. 106-109) av Lars Reinton

Buskapen
Garden
Stølsliv
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kvifor gjette dei?

Det var for å passe på at dyra var på rett beite, at dei ikkje vart borte, og at ikkje rovdyr skulle ta dei.

Gjetarane såg etter at dyra var på beite, der eigarane hadde lov til å ha dyr på beite - beiterett. Fremmande kyr vart jaga frå beita.

Gjetarane måtte også passe på at buskapen gjekk på gode beite - men den nysådde åkeren heime måtte dei ikkje tråkke i!

Dyra skulle ha det bra, og vart det hardt regn fekk dei vere i skogen. Var det varmt vêr og mange fluer, fekk dei vere høgt i fjellet.

Einskilde dyr kunne bli borte, særleg om flokken vart skremt av brems (eit insekt). Nokre dyr hadde bjølle.

Les om å passe grensene til beita i:
"Fyrste gjætlasumar'n min" av Ola Perstølen, i: Dølaminne (1969, s. 29)

Les om insekt som stikk kyr i:
"Sjenvær" av Guri Holo, i: Dølaminne (1988, s. 79)

Rovdyr
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kven var gjetarane?

Gjetarane var ofte barn, både gutar og jenter.

Medan det eldste barnet ofte måtte passe yngre sysken, fekk dei andre etterkvart i oppgåve å gjete buskapen heime og i fjellet.

Dei kunne òg gjete for andre mot betaling. Særleg husmannsbarna gjorde dette. I tida rundt 1900 tente ein gjetar 4 kroner i veka.

Mange gjetarar som reiste vekk frå familiane sine lengta nok heim i blant. Dei kunne vere mellom 6-12 år fyrste gong dei gjette.

Les om heimlengten i:
"Fyrste gjætlasumar'n min" av Ola Perstølen, i: Dølaminne (1969, s. 21-22, 24-25, 30, 34)
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Korleis var det å gjete?

I solskin var det fint. I regn og kaldt vêr var det hardt å vere gjetar.

Gjeting var ein jobb, og det kunne vere ein slitsam jobb. Det var vanskeleg å halde auge med dyra i skogen. På 1800-talet kunne det vere fare for å møte rovdyr medan dei gjette, men dette vart betre rundt 1900.

Lur, prillarhorn og seljefløyte er instrument som gjetarane kunne spele på til glede for seg sjølve, men med lur og prillarhorn kunne dei òg varsle andre om dei ville. Det var òg sagt at bjørnen ikkje likte lyden av lur, og gjekk sin veg.

Gjetarane kunne ikkje gå i frå dyra, men var saman med dei heile dagen. Dei hadde tørrmat til niste - brød med smør, spekepølse eller ein primball (kule av prim). For nokre vart det lite mat. Andre hadde lite klede, medan nokre gjekk utan sko.

Les meir om korleis det var å vere barn å gjete i:
"Andres T. Hagen" av Andres T. Hagen, i: Dølaminne (1997, s. 40-42)
Den gamle garden (1972, s. 133-134) av Lars Opsata
"Frå minneoppgåvene frå eldre" (om gjeting) av Embrik Veslegard, i:
Dølaminne (1973, s. 19-22)
"Fyrste gjætlasumar'n min" av Ola Perstølen, i: Dølaminne (1969, s. 20-55)
"Lars B. Sehl" av Lars B. Sehl, i: Dølaminne (1995, s. 80-81)
Per Stavlang (1941) av Olav Sletto
"Ågot Erikson 1895-1977" av Ågot Erikson, i: Dølaminne (1998, s. 95-97)

Les meir om prillarhorn og musikken til gjetarane i:
"Fyrste gjætlasumar'n min" av Ola Perstølen, i: Dølaminne (1969, s. 22, 30)
"Lått og leik" av Ola Perstølen, i: Dølaminne (1970, s. 90-95)
Lått og leik (1990) av Einfrid Perstølen
Eg gjekk meg opp i seterli (1981, s. 55) av Anne-Kari Skarðhamar og Aud Søyland
"Trillehuge" av Guri Holo, i: Dølaminne (1988, s. 78)

Les om sauegjeting under 2. verdskrig i:
"Til fjells sumaren 1942" av Olav H. Sletten, i: Dølaminne (1996, s. 48-57)

Ein gjetarsong
Vêret
Rovdyr
   
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva gjer bøndene i dag?

Om sommaren samlar dei inn kyr og geiter om kvelden, medan sauene går aleine i fjellet.

I dag er det ikkje gjeting kvar dag, slik som før. Mjølkedyra som går på beiter om sommaren vert samla inn om kvelden og mjølka, dei fleste stader står dei i fjøset om natta. Sauene går på beitene i fjellet og vert sett etter berre ein gong i blant.
  
Tilbake til spørsmåla