Godteri

Hadde dei godteri på stølen?
Laga dei godteri av ting dei fann i naturen?
















 

 

 

 










 

 



  
Hadde dei godteri på stølen?

Ja, dei hadde bekaprim og ystilball.


Når ungane var med på stølen, fekk dei ofte bekaprim og ystilball. Bekaprim var klumpen som sette seg på primstaven når ein kokte myseprim. Ystilball fekk dei når mjølka hadde broste og ostestoffet (ystilen) hadde skilt seg ut. Dette tykte ungane var veldig godt.

Viss du får vere med når nokon lagar prim eller ost på gamlemåten, så hald deg nær til primkjelen!


Les om (emnet) i:
På støle av Margit Lappegard
Meir hallingkost (1998, s. 76-78) av Lise Laa


Ost og prim

  
Tilbake til spørsmåla
























 

 



  
Laga dei godteri av ting dei fann i naturen?

Ja, dei laga brisjitreak.


Brisjitreak eller brisketreak er laga av briskebærlåg. Lågen er "safta" som ein siler av etter å ha kokt briskebæra  opp i vatn. Lågen vert blanda med sukker og fløyte. Andre ingrediensar kan ein òg blande i, til dømes prim (brunost). Brisjitreak har lenge vore brukt som godteri i Hallingdal. Det vert laga i dag òg. 

Ein kan nytte einerbær til mange ting. Det gir frisk luft i eit rom og er fint til reinsing av koppar og kar (brisjibaking) - og til hårvask!


Sjå ulike oppskrifter på brisketreak i:
Meir halling-kost (1998, s. 76-77) av Lise Laa


  
  Tilbake til spørsmåla