Haugafolk

Kven var haugafolket?
Korleis såg haugafolk ut?
Korleis levde dei?
Korleis verne seg mot haugafolk?
Kva er folketru?




Visste du at...

...det finst eit teaterstykke om haugafolket? I 1987 laga Eldgrim Springgard og Arne Moslåtten "Haugarock - Dikt og forbanna draum" til Leveld Teaterlag. Her møter me Ola Bakrang, som må redde huldrefolket frå undergang.

20 år etter vart stykket sett opp på nytt. Les meir om teaterstykket her!

Les heile forteljinga i Dikt og forbanna draum av Eldgrim H. Springgard og Trond Andersson

 












 

 

 

 
















  
Kven var haugafolket?

Haugafolk var mest som vanlege menneske, men dei budde i haug og berg, og under jorda.

Haugafolket var vesen som budde under jorda, og har difor òg vore kalla dei underjordiske eller "hulderfolket" (huld = løynd). Den unge jenta vart kalla "huldra".

Haugafolket kunne ta inn i haugen - "haugta" - både menneske og dyr. Dei kunne ta vaksne, men særleg var dei leie til å ta små born. Haugafolket bytte dei små menneskeborna med sine eigne born - "bytingar". 

Les segner om haugafolk i:
"Hulder og haugafolk" av Nils Noss (red.), i: Dølaminne (1996, s.84-94)
"Håkon Aslesen Medgard f. 1880" av Håkon Asleson Medgard, i: Dølaminne (1995, s. 70)
"Sagn fra Opheimsgårdene" (om haugafolk og juleøl) av Olava Engh (red.), i: Dølaminne (1976, s. 90)
Søgnir fraa Hallingdal (1868, 1926, s. 38-55) av Johan Eberhard Nielsen (red.)
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 146-158) av Kristen Svarteberg

Les meir om hulderfolk i:
Til seters (1969, s. 64-66) av Lars Reinton

Les om folk som vart haugtekne i:
Søgnir fraa Hallingdal
 (1868, 1926, s. 48-52) av Johan Eberhard Nielsen (red.)


Jenta som var innteken
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Korleis såg haugafolket ut?

Dei såg ut som menneske, berre det at under kleda stakk rova fram.

Huldrejenta var fin! Dei som har sett ho sa at ho hadde raud stakk, breitt blankt belte. Huldrekjerringa kunne stundom vera fint kledd som om ho skulle gå i kyrkja, andre gonger var ho stor og stygg.

Ungane såg ut som andre ungar, så det var vanskeleg når dei skulle velje mellom sin eigen unge og "bytingen", som huldrekjerringa la att i staden.

Haugafolket kunne omskape synet til menneska, slik at i våre augo såg dei mykje finare ut enn dei verkeleg gjorde.

Les meir om "bytingar" i:
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 158) av Kristen Svarteberg
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Korleis levde dei?

Dei hadde gardar og buskap som menneska
.

Haugafolket levde som folk, berre omvendt. Når folka buførde (reiste) heim om hausten, flytte haugefolket inn på stølane. Dei hadde særleg fine og gode kyr, helst brannute (med striper på).

Haugafolket likte ikkje kristen manns blod. Dei likte heller ikkje bråk. Om kveldane måtte det vere stille på stølen.

Les segner om kyrne til haugafolket i:
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 147) av Kristen Svarteberg
Søgnir fraa Hallingdal
 (1868, 1926, s. 41-42) av Johan Eberhard Nielsen

Buføring
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Korleis verne seg mot haugafolk?

Stål, arvesølv, kyrkjeklokker og gudsord kunne verne menneska mot haugafolk. 

Haugafolket kunne vere greie mot folk, men dersom menneska plaga haugafolket, vart dei slemme. Ein måtte vite korleis ein skulle vere mot haugafolket.

Vart nokon haugteken (teken inn i haugen) av haugafolket, måtte folk ringje med kyrkjeklokkene for å "ringje dei ut att". Dei kasta stål over kyrne eller over vegen som gjekk til stølen når dei buførde. Dei la stål, sølv eller ei salmebok i vogga til barnet, for det var særleg farleg for byting før barnet var døypt.

Les meir om korleis ein kunne beskytte seg i:
"Haugafolk som er ute etter barn" av Lars Sehl, i: Dølaminne (1975, s. 93-94)
Til seters (1969, s. 65) av Lars Reinton
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 147) av Kristen Svarteberg
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva er folketru?

Folketru er tru som ikkje er religion eller vitskap, men som folk trur på likevel.

Såleis finst det folketru enno i dag, men innhaldet i folketrua endrar seg stadig.

Ein viktig del av folketrua i gamle dagar var trua på usynelege makter - i jorda, i berg og vatn. Der levde mange slags vette. Haugafolket er såleis folketru, og noko mange har trudd på samtidig. Difor liknar ofte forteljingane om møta med hulder og haugafolk på kvarandre.

Trua på trolldom og overnaturlege evner, at trolldomskyndige menn og kvinner kunne kaste sjukdom på folk og fe, er også folketru. Det same er trua på at man kunne stogge naturkreftene med magiske ord, slik som gjetarane ville gjere med vêret.

Kjelder til folketrua er skikkar og forteljingane om eigne opplevingar, myter, legender og segner.

Les meir om folketru i:
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 143-171) av
Kristen Svarteberg
Norske segner (1981, 1995) av Olav Bø, Ronald Grambo, Bjarne Hodne og Ørnulf Hodne

Eventyr og folketru
Vêret
  
Tilbake til spørsmåla