[ Kjelder og turmål ]  [ Jernbanen ]   

  

 
Foto: Sigvat Tveito © Hol bygdearkiv
Ål stasjon på opningsdagen av Bergensbanen i 1909.
  
Den 27. november 1909 vart Bergensbanen endeleg opna etter mange års arbeid. Eit "kongetog" med kong Haakon og andre kjende gjester reiste frå Oslo til Bergen og stoppa i Ål i nokre minutt. Store og små ålingar møtte fram til opninga.

  
Jernbanen
Jernbanen førde til store endringar i Ål. Det vart mykje lettare å reise både austover og vestover, handelen blomstra opp og fleire turistar besøkte bygda. 

Ål kommune var heldig og fekk både lokstall og overnattingsstasjon for dei tilsette. Når lokomotivet vart skifta fekk dei reisande tid til ein matbit i restauranten. Det var òg skifte av personale på Ål stasjon.

Mange av dei som jobba i jernbanen slo seg ned i Ål og var med på å prege bygda.
  
Jernhard forteljing
Då lokstallen brann
 
  
 
  
Arbeidet på jernbanen

Meir om bruksretten til bilete