Måtehaldskontrakten i 1817

Kva gjekk kontrakten ut på?
















 

 










 

 

 



  
Kva gjekk kontrakten ut på?

Folk skulle ikkje be for mange til gjestebod og servere for mykje mat og drikke.


På slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet var det eit stort press på folk som skulle byde til gjestebod i Ål. Naboen hadde hatt så og så mange gjester, servert så og så mykje mat og drikke, og då ville dei sjølv gjere det endå betre. Dei som ikkje fylgde skikkane med store gjestebod snakka folk stygt om etterpå.

Nokon hadde ikkje råd til store gjestebod. Dei lånte så mykje pengar at dei sto i gjeld til andre heile livet.

Så vart måtehaldslaga i Ål starta i 1817. Det var presten Leight som starta dei, og han laga kontraktar som alle medlemmene skulle skrive under på. 

I kontraktane sto det kven og kor mange som skulle bedast til gjestebod, kor lenge det skulle vare og kor mykje drikke det var lov å servere. I tillegg vart sendingane forbode. Det var strenge reglar. 

På slutten av 1800-talet vart det slutt med sendingane. Skal tru om kontrakten i 1817 hadde noko å seie?

Les om kontrakten i 1817 i:
"Måtehaldsforeninger i Ål i 1817" av Nils Noss, i: Dølaminne (1986, s. 21-25)


Gjestebod

  
Tilbake til spørsmåla