Kortreist mat

Kva er kortreist mat?
Kva er bra med kortreist mat?
Lagar dei kortreist mat i Hallingdal i dag?













 

 

 











 

 

 

 





  
Kva er kortreist mat?

Mat som har kort reiseveg mellom gard og butikk.


Det finst ikkje noko klart tal for kor langt maten kan ha reist for å kallast "kortreist". Ein rapport frå organisasjonen "Framtiden i våre hender" set 2,5-4 mil frå gard til butikk som ei grense 

Kjøtet av eit dyr vil gå innom eit slakteri før det kjem til butikken. I andre høve blir den kortreiste maten køyrt rett frå gard til butikk. Nokre stader sel dei maten på garden - då er den ekstra kortreist! 


Les om kortreist mat i:
Germiso, Mekkonen. Kortreist, langreist eller vegetarisk? Sammenhengen mellom mat og klimagassutslipp (2005, s.9) Rapport frå Framtiden i våre hender.
 
  
Tilbake til spørsmåla
























 

 

 

 



  
Kva er bra med kortreist mat?

Den tek vare på kroppen vår, jordkloden og gode, gamle dagar.

Det aller meste av maten me et i Noreg har reist langt for å kome til matbordet vårt. Me får til dømes frukt og grønsaker frå andre verdsdelar, frakta med bil, båt og fly. Sjølv når me kjøper sunn mat kan me vere med på å skape auka drivhuseffekt på jordkloden!  

Mat som kjem langvegs frå har ofte usunne stoffar i seg som gjer at han ikkje blir øydelagt før han kjem fram til oss.  Det må då vere betre å kjøpe maten nærare der han er laga? 

Kortreist mat er som oftast økologisk: den har ikkje fått unaturlege tilsetningsstoffar og giftstoffar i seg frå jorda eller dyrefôret.  

Kortreist mat er tradisjonsmat. Då tek ein vare på dei lokale mattradisjonane, maten blir laga nett som før i tida. Det er også ein fin ting!


Les om transport av mat i:
Germiso, Mekkonen. Kortreist, langreist eller vegetarisk? Sammenhengen mellom mat og klimagassutslipp (2005, s.9) Rapport frå Framtiden i våre hender.

  
Tilbake til spørsmåla
























 

 

 

 

 

 

 



  
Lagar nokon kortreist mat i Hallingdal?

Ja, i Hallingkost-butikkane lagar og sel dei slik mat.


Nokre bedrifter i Hallingdal har vorte ekstra gode til å lage kortreist mat. Dei er med i ei gruppe som heiter Hallingkost. Dei lagar mat frå dyr, korn og plantar som dei finn her i distriktet, og lagar maten slik hallingane har gjort det i mange år.

I Ål er det tre stader der dei lagar og sel Hallingkost-mat: Leveld lefsebakeri, Økogarden speltbakeri på Sundre og Gunvalds kjøkken. Hallingkost får ein òg på Coop (Samvirkelaget).

Les meir om kortreist mat i Hallingdal:
Nettstaden til Hallingkost: http://www.hallingkost.com

 

  
Tilbake til spørsmåla