[Kjøt og fisk]

Utdrag frå "Frå eiga foredling til kjøpt og innpakka"

av Arne Moslåtten; i: Hallingdøl : Minne frå dalen (2004, s. 47-49)

"Slaktedagen stod me ungane med nasen mot glaset for å vera den fyrste som oppdaga Bergahagen der han kom vabbande gjennom snøen i høge lêrstøvlar, våmmålsbrok, ei godt patinert skinnjakke og bremluve og med ein rupesekk på ryggen. Vel inne på kjøkkenet sette han auga i oss og kom med det vanlege spørsmålet sitt: "Sko me skyte, ell sko me slå?" "Skyte," kviskra eg, for sjølv om eg ikkje hadde noko spesielt nært tilhøve til grisen, ville eg at han skulle få ein rask og smertefri død. Viss Bergahagen skulle slå han i skallen med øksehammaren, var eg redd det kunne ta litt lengre tid. Då hadde eg meir tru på slaktemaska han hadde i sekken. Den såg ut om lag som ei lommelykt med eit lite tennstempel i enden som du slo på for å løyse skotet.

Me ungane fekk beskjed om å halde oss inne når sjølve grisedrapet skjedde. Bergahagen og far rusla i lag bakom loftet og bort til grisehuset med eit reip, kjelke og slaktemaske. Like etterpå kom det eit forskrekkeleg hyl bak loftet. Grisen skreik som ein gris. Dei hadde fått sett på han tranteband, og no protesterte han vilt. Med eitt vart det stilt, og like etterpå runda dei loftshjørnet med griseskrotten på kjelken. No fekk eg lov til å gå ut og sjå på. Midt i skallen på grisen var det eit lite, rundt, svart hol. Der hadde altså slaktemaska gjort jobben sin. Merkeleg at det ikkje skulle meir til for å ta livet av grisen.

Framme ved huset hadde far sett fram slaktekrakken, og opp på den la dei grisen. No skulle blodet ut av han. Bergahagen gjorde eit lite snitt med kniven, og snart hadde han nesten fylt eit sinkspann med varmt griseblod. Du får røre i spannet, du, så det ikkje storknar, sa Bergahagen med ein liten hånflir. Han tenkte sikkert at eg var redd blodet, men det skulle han bli blå for. Eg tok rørepinnen og truga meg til å røre rundt i spannet nokre gonger. Bergahagen lo så han riste. Eg trur du kjem til å bli slaktar, eg, sa han."


Ordforklaringar

Tranteband: band til å ha rundt trynet på grisen så han ikkje kan rive seg laus
Slaktemaske: ein slags pistol der ein slår inn eit tennstempel så skotet går av inn i hjernen på dyret. 
Våmmålsbrok: vadmålsbukse. Vadmål er eit grovt stoff av vevd ull, nytta i Noreg i mange hundre år.
Storkne: bli stivt