[ Kjelder og turmål ]  [ Mjølk ]  [ Kvardagsmat ]  [ Fest og fremman ]

  

Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til ikkje-privat distribusjon eller publisering.
Ukjend fotograf / Ål bygdearkiv
Potetopptaking i Bomberud i 1930.
  
Poteten har vore dyrka i Hallingdal i snart 250 år.  Denne ganske smaklause knollen gjorde slutt på sjukdommen skjørbuk. I Ål kalla dei poteten for eple, ei forkorting for jordeple. Poteten kunne brukast som erstatning for mjøl.

  
Kvardagsmat
For hundre år sidan laga ålingane mat av det dei hadde på garden: korn, kjøt og mjølk. Frå skogen og fjellet fekk dei bær og fisk. Det var sjeldan at dei kjøpte mat. 

Folk hadde korkje kjøleskåp eller fryseboks, så dei måtte lagre maten kaldt i kjellar og bu. Dei lagra kjøt, brød og annan mat i store mengder. Kjøt som skulle ligge lenge måtte spekast.

Det var få endringar i matskikkane i Ål før komfyren kom sist på 1800-talet.  I dag har me høve til meir variasjon i kosten, men kanskje ikkje alt me et er så sunt?  
  
Kvardagslege forteljingar
Tid for mat
Takkebakst
Kjøt og fisk
   ? Kortreist mat