[ Kjelder og turmål ]  [ Mjølk ]  [ Kvardagsmat ]  [ Fest og fremman ]

  

Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til ikkje-privat distribusjon eller publisering. 
                                                         

 

 

 

 

 

 

 

 


Foto: Ukjend
Gunhild L. Bjella med separatoren på støl i Toviki, 1950-åra.
  
I hundre år har separatoren vore fast inventar på
stølane og gardane i Ål. Han vart eit godt hjelpemiddel
for å skilje mjølk frå fløyte.

  
Mjølk
Mjølk frå ku eller geit har alltid vore viktig både til drikke og matlaging i Hallingdal. Av mjølka har dei laga både kvardags- og festmat. 

Om våren og tidleg på sumaren sette dei
mjølk til lagring i kjellaren på garden, eller i mjølkebua når dei var på stølen. Då fekk dei surmjølk til hausten. Når skumma mjølk vart lagra lenge kom det blende oppå, som saman med vatn hjelpte godt for tørsten i slåttonna.

Etter kvart sendte folk mjølka frå seg til meieri med hest og mjølkebil. I 1933 vart mjølka frå Nystølan og Trettestølan henta med bil for fyrste gong. 

Det var stor stas når mjølkebilen kom. Folk kunne sitje på ned til eller opp frå bygda, eller dei kunne få mjølkemannen til å gjere ærend for seg.

  
Søte og salte forteljingar
Mjølking på stølen
Ost og prim
Kinning og smør
  
?
Te pynt og nytte
? Oppskrifter på mjølkemat