Nasjonalromantikken

Kva er nasjonalromantikken?
Kva interesserte dei seg for i nasjonalromantikken?
Kven har samla stoff frå Ål?











 

 

 

 


















  
Kva er nasjonalromantikken?

Nasjonalromantikken er ein kulturepoke i Noreg frå ca. 1830-1860.


Noreg var på denne tida ein ung nasjonalstat. Difor var det kanskje ikkje så rart at kunstnarar og kulturinteresserte stilte spørsmål som: Kva er det å vere norsk? Kva er typisk norsk? Nordmenn ville styrkje sjølvkjensla ved å finne særtrekka til norsk kultur.

Nordmennene var ikkje åleine om å interessere seg for landet sitt. Mange menneske, både i Norden og i resten av Europa, var ved byrjinga av 1800-talet opptekne av sitt eiget folk.


Søk i bokbasen på emneordet:
nasjonalromantikken
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva interesserte dei seg for i nasjonalromantikken?

Dei var interesserte i norsk historie og folkekultur.


Dei ville finne norske særtrekk og leitte etter dette i historia og folkekulturen, særleg bondekulturen.

Kunstnarar med bakgrunn frå ulike kunstformer reiste rundt på landsbygda. Ofte drog dei til fjellbygdene på Austlandet, der dei samla inntrykk og stoff til kunsten sin:

- målarar måla norsk natur, folkeliv og folkedrakter
- diktarane skreiv ned folkeviser, eventyr og segner, og dikta forteljingar frå bondemiljøet
- musikarar skreiv ned og lærde seg folkemusikk, og brukte klangene derifrå til å lage musikk med nasjonalt preg

Anna innsamlingsarbeid vart òg gjort. Historikarar, folkeminne-  og språkforskarar samla opplysningar om norsk historie og språk og alt anna som kunne skilje Noreg frå Danmark og Sverige. Dette var eit viktig arbeid for det unge landet.

Måleri av Christian Skredsvig

Søk i bokbasen på emneorda:
bunader
folkedikting
folkedrakter
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kven har samla stoff frå Ål?

Målarar, musikarar, folkeminne- og språkforskarar har samla inntrykk og stoff frå Ål.


Målaren Johannes Flintoe reiste gjennom Hallingdal i 1818 og 1821. Blant motiva finn me folkedrakter og stavkyrkja på Ål. Han inspirerte og hjelpte seinare nasjonalromantiske kunstnarar på veg.

Folkeminnesamlaren og friluftsmannen Peder Christen Asbjørnsen hadde si fyrste fjellvandring i 1835, då han gjekk over Hardangervidda til Ål. På denne turen var han saman med venen Andreas Wulfsberg Grøtting. Venen var oppvaksen på Ål, samla sjølv dialektord og kunne eventyr frå Hallingdal.

Språkforskaren Ivar Aasen reiste til Hallingdal fleire gonger. Han
var i Nes i 1845. I 1866 besøkte han forteljaren Sander Røo i Hol.

Målaren Adolph Tiedemand skildra mest folkelivet. I 1848-49 var han i Hallingdal - på Gulsvik, Nes, Gol og Ål.

Ludvig Mathias Lindeman fekk stipend for å samla folketonar og religiøs folkemusikk. Ved fleire høve reiste han gjennom Hallingdal, og i 1862 var han på Ål.

Les meir om målarane i:
Hallingdal i biletkunsten (1984) av Nils Ellingsgard

Les om Ivar Aasen, Sander Røo, Johan Eberhard Nielsen og utgjevinga av "Søgnir fraa Hallingdal" i:
"Målgransking i Hallingdal" av Kristen Svarteberg, i:
Dølaminne (1969, s. 56-64)
"Søgnir fraa Hallingdal" av Paul Breiehagen, i: Gamle Hallingdal (1986, s. 10-11)

Les om Lindeman i Hallingdal i:
Ludvig Mathias Lindemans samling av norske folkeviser og religiøse folketoner  (1997, s. 53-54, 139, 495-500, 563, 569-583, 618-621, 687, 825-826) av Øystein Gaukstad

Det gode stølslivet
Eventyr og folketru
  
Tilbake til spørsmåla