Te pynt og nytte

Kva er eit kumspann?
Kva er ein separator?
Kva er ei smørrose?



 

 

 




















 

 

 






  
Kva er eit kumspann?

Jernspann til å kjøle ned mjølka i
.

På slutten av av 1800-talet tok nokre bønder til å kjøpe seg store spann av fortinna  jernblikk. 

Dei fann eit oppkome, ei kjelde der vatnet heile tida kom opp av jorda. Over oppkomet laga dei ein kum med eit lite tak på. Så kunne dei sette mjølkespanna nedi det kalde oppkomevatnet. Dei slapp å gjere mange bytter og baljer reine, og kjølinga var meir effektiv enn når byttene stod i mjølkebua. Mjølka heldt seg søt lenge, og osten og primet vart betre.   


Les om kumspann i:
"Komspann og seprator" (1983) av Lars Opsata, i: Godfar minnest og fortel (1983, s. 13-17)
Den gamle garden (1978, s. 61-62) av Lars Opsata
  
Tilbake til spørsmåla
























 

 

 

 

 

 



  
Kva er ein separator?

Ein maskin som får fløyten ut av mjølka.


Med separatoren gjekk det fort å skilje mjølka frå fløyten. Ein tømde nysila mjølk i separatoren og drog på ei sveiv så fløyte og mjølk kom kvar for seg.  

Separatoren vart innførd til Hallingdal i 1890-åra. Det var garden Olsgard som fekk ein slik fyrst i hus. Folk kom frå dei andre gardane for å sjå. 

Mange kjøpte ikkje slike apparat før ut på 1900-talet. Dei var dyre, og i tillegg meinte mange at separert (skumma) mjølk gav dårlege ostar.  


I dag finst det òg separatorar på stølane, med og utan motor; men maskinane på meieria har teke over det meste av arbeidet med mjølka.  

Les om Tore som vart med mor si til Olsgard for å sjå den fyrste separatoren, i:
"Komspann og sep'rator" (1983) av Lars Opsata , i: Godfar minnest og fortel(1983, s. 13-17)

Mjølking på stølen
  
Tilbake til spørsmåla























 

 

 

 

 

 




  
Kva er ei smørrose?

Eit slags stempel til å lage mønster i smøret med.


Før smøret var klart for gjestebod eller sending måtte det pyntast med ei smørrose. Smørrosa var eit fint spikka trestempel forma som eit hjarte. Dette stempla dei ned i smøret før dei pakka smøret ned.  Det skulle sjå fint ut på bordet. Ein kunne òg nytte smørformer med mønster inni. 

Det finst smørroser i mange slags mønster. Det finst òg primroser og primformer.

Les om smørrosa i:
Antikviteter og snurrepiperier (1992, s. 159-160) av Gorm Bentzon 



To smørroser frå Vesledal i Torpo.
Dei er no på Ål Bygdamuseum.

Fotograf: Synne M. Fredriksen

Kinning og smør
  
Tilbake til spørsmåla