Rovdyr

Kva for rovdyr fanst i Hallingdal i tida før 1900?
Kva skade gjorde rovdyra?
Korleis jaga dei rovdyra?
Korleis vart jakta driven?
Kva for rovdyr har me i Ål i dag?















 

 

 

 













  
Kva for rovdyr fanst i Hallingdal i tida før 1900?

Det var bjørn, gaupe, jerv, rev og ulv.

Bjørnen gjekk i skogen i åsane, gjerne i nærleiken av heimstølane (stølane nærast gardane), der han fann seg mat - bær, planter, insekt og mus.

Jerven heldt til i høgfjellet. I Hallingdal heitte han "felefrans". Namnet kjem av det tyske ordet "vielfras", som betyr storetar. Jerven lever mest av reinsdyr, som han gøymer vekk for vinteren i ur og vatn.

Det vanlege namnet på ulven var "skrubb". Ulven levde i flokkar som streifar rundt i fjellet, særleg om vinteren. Dei følgde etter reinsdyra.

I tillegg kjem ulike rovfuglar, særleg i fjellet: ugle, falk, hauk, våk og ørn.

Søk i bokbasen på emneorda:
bjørnar
gauper
jervar
revar
rovdyr
ulvar
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva skade gjorde rovdyra?

Rovdyra
kunne skade og drepe dyr som gjekk på beite.

Bjørnen kunne gjere stor skade på buskapen til folk i Hallingdal på 1800-talet. Han tok sau, geit og større dyr.

Jerven kan ta sau på beita inne i fjellet. Han et òg daude dyr. Han kan forsyne seg av skotne og slakta dyr som jegeren har gøymt eller "steina ned" i steinrøysa før kjøtet vert frakta til bygda.

Ulven var til stor skade på buskapen i periodar på 1800-talet. Hundane fekk gå med eit halsband med piggar på, som verna dei mot ulvebitt.

Gaupa og reven er ikkje omtala som store skadedyr.

Les meir om rovdyr i:
Til seters (1969, s. 109-110) av Lars Reinton

Les om då Nils Kolbjørnsgard møtte ein sint bjørn i:
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 68) av Kristen Svarteberg
"Håkon Aslesen Medgard f. 1880" av Håkon Asleson Medgard, i: Dølaminne (1995, s. 70)

Les meir om folks møte med rovdyr i:
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 67-71) av Kristen Svarteberg

Buskapen
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Korleis jaga dei rovdyra?

Rovdyra vart skremt bort med eld, skot og anna bråk.

Stølsfolket kunne tenne bål eller setje ut faklar for å berge dyra om natta, for rovdyra var redd elden. Lause skot i lufta kunne òg halde rovdyra på avstand.

Gjetarane skremde bjørnen vekk ved å blåse i ein lur (eit musikkinstrument), eller dei skreik og laga anna spetakkel.

I 1830 fekk lensmann Pleym alle folka i Ål og Hol med på å jage ulven med smell og bråk.

Les om korleis stølskjerringar skaut for å skremme ulv i:
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 70-71) av Kristen Svarteberg

Les meir om korleis dei jaga ulven i 1830 i:
Folk og fortid i Hol (1943, 1969, band 2, s. 176) av Lars Reinton
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 67) av Kristen Svarteberg

Stølskjerringa som jaga bjørnen
Gjeting
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Korleis vart jakta driven?

Rovdyra vart skotne under jakt, eller dei vart tekne i feller.

Å jakte rovdyr var både farleg og vanskeleg. Den flinke bjørneskyttaren Embrik Stølen vart beden om å skyte bjørn både i Hallingdal, Valdres og Lærdal.

Jegerane kunne "ringje inn" bjørnen når den låg i hi, lure han ut og skyte han der.

Reven skaut dei på åte (lokkemat). Ein god jeger kunne krype innpå reven og skyte. Reven vart jakta på fordi jegeren fekk betalt for skinnet.

I tida rundt 1800 fanga dei ulven i gravar - "ulvestugu".

Jegerane fekk pengar i premie i tillegg til skinnet for å jakte summe dyr. Ein slik premie kallar me skotpremie. Betre våpen, feller og skotpremiane gjorde at det snart ikkje var rovdyr att. Rundt 1860 var det ikkje ulveflokkar fast i Hallingdal.

Les meir om storjegerar som Embrik Stølen og jakt på rovdyr i:
"Bjørne- og ulvejakt i Hallingdal" av Kristen Svarteberg, i:
Dølaminne (1969, s. 81-84)
"Udyr nord i fjello" av
Paul Breiehagen, i: Gamle Hallingdal (1984, s. 30-31)
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 66-71) av Kristen Svarteberg

Søk i bokbasen på emneordet:
jakt
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva for rovdyr har me i Ål i dag?

Her finst rev, og det er jerv i fjellet. Ein og annan bjørn, gaupe og ulv kjem berre som streifdyr.

Bjørnen er sjeldan å sjå, og har ikkje vore til skade. Gaupa streifar innom kommunegrensene mest kvar vår, og tek noko sau, men gjer inga stor skade. Jerven i Nordfjella tek sau på beite, og var i 2001 til større skade. Ulven kom som streifdyr nokre få gonger på 1990-talet.
  
Tilbake til spørsmåla