Skulen i 1900

Kva var skilnaden på omgangsskule og fast skule?
Kor mange skulehus var det i Ål?
Kva for fag hadde dei på skulen?
Kva gjorde dei i friminutta?
Kva for skular kunne ein gå på etter folkeskulen?





 

























 

 

 


 


  
Kva var skilnaden på omgangsskule og fast skule?

Omgangsskulen flytta rundt på gardane, den faste skulen heldt til i eit skulehus eller eit skulerom.

Fram til slutten av 1870-åra hadde dei omgangsskular i Ål. Ungane i ei "rote" (ei grend) fekk nokre få veker i året med undervisning, og skulen flytta rundt på gardane. Barna sat og las i ei stugu der småungar sprang rundt, kjerringane spann og mennene hogg ved.

Så tidleg som i 1860 hadde det kome ein nasjonal skulelov som sa at omgangsskulen skulle gå over til fast skule med eigne skulehus. Det tok lang tid før dette vart innførd i Ål. Gardane i ein skulekrins var mange og vidt spreidde. Det ville verte lang veg for mange av ungane til skulehuset, som skulle stå midt i skulekrinsen.

Dei som skulle til skulen hadde ikkje bil eller buss; dei gjekk stort sett på beina, i all slags vêr. Kvinnegardslie var særleg "udsat for snefog, og saavel østen- som vestenvindene i forening med vinterens kulde ere her meget haarde og bidende" , som motstandarane av fastskuleordninga skreiv (Svarteberg, 1955 s. 344).

Men etter kvart fekk heile Ål faste skular. 

Ungane gjekk på skulen frå dei var sju til dei var tretten år, 10 til 12 veker om året.


Les om omgangsskulen i:
Aal bygdesoge b. 2 (1955, s. 187-195) av Kristen Svarteberg

Les om den faste skulen i:
Aal bygdesoge b. 2 (1955, s. 343-351) av Kristen Svarteberg

Les meir i:
"Skoler og folkeoplysning i gamle tider" av Tollef Myhre, i: Hallingdalens historie (1928, s. 345-346)
"Eit skulesenter blir til" av Håkon Ulshagen, i: Dølaminne (1980, s. 15-21)
"Folkeskoleårene" av Guro Hoftun Nærum, i: Livet i en fjellbygd omkring århundreskiftet (1965, s. 33-35, 36-38)
Skolen i gamle dager (1987) av Ørnulf Hodne

Barn på skulen
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kor mange skulehus var det i Ål?

Det var 12 skulehus i Ål og Torpo på slutten av 1800-talet.


I byrjinga leigde kommunen stugu på gardane. Men etter kvart fekk dei eigne skulehus. Det fyrste kom i 1865, på Nedre-Ål, og det siste i 1914, i Kvinnegardslie.

På slutten av 1800-talet var det 12 skulehus i Ål og Torpo: Nedre-Ål, Skattebøl, Sando, Tveito, Breie, Leveld, Søre og Nordre Vats, Bergsgard, Øvre-Ål, Nedre Torpo og Opheim.

Skulehuset var ei enkel stugu, kanskje med ekstra rom til bustad for læraren.

I 2006 er det seks grunnskular att i Ål. Det er mykje strengare krav til skulehusa i dag.



Les om skulehusa i:
Aal bygdesoge b. 2 (1955, s. 345) av Kristen Svarteberg

Les meir i:
"Skolehus i bygd og by" av Ørnulf Hodne, i: Skolen i gamle dager (1987, s. 42-55)
"Aal skulemuseum" av Håkon Ulshagen, i: Dølaminne (1971, s. 36-41)

Barn på skulen
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva for fag hadde dei på skulen?

Det var 10 fag som liknar på dei me har i dag.


Før 1860 hadde skulen vore ei førebuing til konfirmasjonen. Elevane pugga katekismen og song salmar.

Men så vart det innførd "borgarlege" fag som liknar på dei me har i dag. I undervisningsplanen for Ål frå 1892 stod det at elevane skulle lære
kristendomskunnskap, norsk, rekning, geografi, historie, naturfag, skriving, song, sløyd og handarbeid.

Sløydfaget var vanskeleg å få til i starten. Skulane måtte ha eit eige sløydrom, og lærarane måtte ha opplæring i faget.

I 1892 kom Nordahl Rolfsen si "Lesebok for folkeskulen", der det stod små forteljingar, eventyr og vers. Der var òg faktaopplysningar og norsk historie. Denne leseboka kom i nye utgåver heilt til 1950-talet.

Les om skulefaga i:
Aal bygdesoge b. 2 (1955, s. 349) av Kristen Svarteberg

Les meir i:
Skolen i gamle dager (1987) av Ørnulf Hodne
Lesebok for folkeskulen 1 (landsmålsutgåva 1923) av Nordahl Rolfsen

Sjå òg nettstaden "De klassiske undervisningsplansjene". URL: http://www-lu.hive.no/plansjer [Lasta ned 19.04.07]


  
                                             I Nordahl Rolfsen si lesebok var det både fakta og diktning.

Barn på skulen
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva gjorde dei i friminutta?

Dei leika og var saman med kvarandre.


Slik som i dag hadde skuleungane mange leikar å velje i. Når marka var bar for snø kunne jentene slå ball eller hoppa paradis, medan gutane kasta på stikka.

Når snøen kom nytta elevane han for det han var verdt, med snøballkrig, snøhytte, skirenn og kjelkeaking.


Les om ulike leikar og friminutt i:
Skolen i gamle dager (1987, s. 151-165) av Ørnulf Hodne
Lått og leik (1990, s. 58-60) av Einfrid Perstølen
Lang lang rekke (2005) av Buskerud bygdekvinnelag

Les meir i:
Mi livssoge (1997, s.16) av Birgit Einarsen f. Tveito

Barn i leik
 
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva for skular kunne ein gå på etter folkeskulen?

Der var kveldskurs, framhaldsskule og skular andre stader i landet.


Dei fleste som var ferdige med folkeskulen heldt fram med arbeidet heime på garden, eller reiste ut for å finne seg arbeid andre stader. Men nokre var særleg flinke på skulen og ville lære meir.

Frå 1875 var det kveldskular på Nedre-Ål, i Torpo og i Sando for dei som ville lære meir etter folkeskulen.

I 1893 kom det i gang ein framhaldsskule på Nedre-Ål som heldt på til 1900. Framhaldskulen gjekk om våren, med dei same faga som på folkeskulen, men med utvida pensum.

Viss ein skulle ha utdanning etter framhaldsskulen måtte ein stort sett ut av bygda. Hallingdal fekk ein amtsskule i 1875, ein slags ungdomsskule som flytta frå stad til stad. I 1913 stoppa den i Nes. Elles var det mange som reiste på underoffiserskule, seminar (lærarskule), landbruksskule eller folkehøgskule andre stader.

--------------------------------

I 1922 fekk Ål sin eigen landbruksskule, Lien landbruksskole. Det vart den fyrste faste skulen for ungdom i Ål.

I 1940 starta realskulen (vidaregåande skule) i Nes, der mange ålingar gjekk. To år etter fekk Ål sin eigen faste, eittårige framhaldskule: Ål framhaldsskule.

I 1956 starta Hallingdal Yrkesskole opp i Ål. Den vart seinare til Ål videregåande skole

I 1964 fekk Noreg ein lov om niårig grunnskule. Då vart Ål framhaldskule til Ål ungdomsskule, og realskulen i Nes vart bytta ut med Hallingdal gymnas på Gol. 



Les om utdanning etter folkeskulen i:
Aal bygdesoge b. 2 (1955, s. 350) av Kristen Svarteberg
"Eit skulesenter blir til" av Håkon Ulshagen, i: Dølaminne (1980, s. 15-21)
Hallingdal Gymnas 1965-1990 (1990)
Banken og bygda (1995, s. 47-50) av Harald Haug
Nes i bilder og tekst (2001, s. 189-190) av Nes Historielag

 
  
Tilbake til spørsmåla