Slått og fôrkøyring

Kva er slått?
Kva for planteslag vart nytta til fôr?
Kva er åskøyring?















 

 

 

 














  
Kva er slått?

Slåtten er den tida då bøndene slår gras, og samlar fôr (mat) til dyra.

Slått, eller slåttonn, er ei av onnene - arbeidsøktene - i arbeidet på garden.  Det er då dei slår graset. Først på enga heime, sidan på stølsvollane (graset rundt stølen) og myrene i fjellet.

I gamle dagar slo mennene graset med ljå, medan kvinnene og barna raka samen graset, som så vart tørka på bakken eller på hesjer (lange stenger). Til slutt køyrde eller bar dei høyet inn på låven.

Ljåen måtte slipast på slipestein før slåtten. Det å dra slipesteinen var vanleg arbeid for større barn. Ute på enga bruka dei eit bryne til å kvesse ljåen når han vart sløv. 

Les om slått og fôrkøyring i:
Den gamle garden (1972, s. 16-36) av Lars Opsata
Den gamle stølen (1994, s. 158-159) av Olav Oppsato
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 31-37) av Kristen Svarteberg

Les om korleis Lars Opsata lærde å slå gras med ljå då han var ni-ti år gamal, og om korleis bestefaren hans reparerte eit øydelagt ljåblad i:
Godfar minnest og fortel (1983, s. 5-12) av Lars Opsata

Les meir om ljåar og å slå i:
"Ljåsmedbygda Hol" av Osvald Medhus, i: Dølaminne (1996, s. 6-30)


Garden
Stølsliv
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva for planteslag vart brukt til fôr?

Gras vart brukt til fôr, men òg lauv og mose.


Alt dette samla dei så dyra fekk å ete:
- ulike grasartar heime og i fjellet
- storr (ein grasart) som veks på myrane
- lauv frå ulike lauvtre, til dømes osp
- skav (bork) frå tre
- mose og lav

Dei gav kyrne noko som vart kalla "sørpe" laga av agner frå korn, skav, tørt lauv, hakkels av halm og grøntfôr - ja, til og med hestemøkk! Over dette helte dei ein varm log (avtrekk) av potetgras.

I tillegg kunne dyra ete frisk furu, bjørkeris og kvistar.

Les om sørpe og anna fôr:
Den gamle garden (1972, s. 43-45) av
Lars Opsata
"Fyrste gjætlasumar'n min" av Ola Perstølen, i: Dølaminne (1969, s. 26)

Les om storr i:
Den gamle garden (1972, s. 47, 135-136) av Lars Opsata
Den gamle stølen (1994, s. 17) av Olav Oppsato

Les om kva ei husmannskone sa i ein krangel om ei storrmyr rundt 1800:
Aal bygdesoge (1968, band 3, s. 440-441) av Lars Opsata

Buskapen
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva var åskøyring?

Det var når dei køyrde fôr frå åsen om vinteren.


Nokre forteljingar handlar om "åskøyring". Då køyrde dei heim det fôret dei hadde slått inne på åsen. Slik køyring var ei oppgåve for gutar og menn. Ofte var dei mange i eit følgje.

Den som dreiv med åskøyring henta fôr med slede om vinteren frå stølen, der det hadde lege i lu (eit lite fôrhus), såte eller stakk (store, nøye tillaga haugar) sidan slåtten om hausten. Såleis vart dette den andre onna med fôret.

Det måtte vere snø for at dei kunne bruke sleden. Det kunne vere mykje fôr, og ikkje alltid var det plass til alt fôret på ein gong i låven heime. Då vart det fleire turar på ein vinter.

Ein gut vart ikkje rekna for skikkeleg vaksen før han var "langåskøyrar" (hadde køyrt fôret heim frå langstølen).

Les meir om åskøyring i:
"Forkøyring frå fjellet" av Paul Breiehagen, i: Gamle Hallingdal (1988, s. 12-13)

Les om då Solve Halvorsgard, Håkon Medgard og Torleiv og Håkon Bøygard kom ut for uvêr under fôrkøyringa vinteren 1912 i:
"Eit femtiårsminne" av Håkon Ulshagen, i:
Jul i Hallingdal (1962, s. 13,50-51)
"Håkon Aslesen Medgard f. 1880" av Håkon Medgard, i: Dølaminne (1995, s. 70)
Den gamle garden (1972, s. 36-37) av Lars Opsata

Vêret
  
Tilbake til spørsmåla