[ Det slitsame stølslivet ]

  

Biletet er verna av Lov om åndsverk av 12. mai 1961 nr. 2. Ta kontakt for bruk av biletet til ikkje-privat distribusjon eller publisering.
Thor Warberg © Heimbygda
"Prillarhorn" eller "stutarhorn" laga av hornet på ein geitebukk

 
  
Kjelder
Denne forteljinga fortalte Eivind Berget til Torleiv Perstølen. Du finn ho att i: "Lått og leik" av Ola Perstølen, i: Dølaminne (1970, s. 89-95), og i: Lått og leik (1990, s. 69) av Einfrid Perstølen

Det er melodi til dei to versa "Det vanta meg mjøl" og "Jenta mi" i: Lått og leik (1990, s. 28-29, 30-31) av Einfrid Perstølen
  
Stutar-Kari
Ei kjerring kalla dei Stutar-Kari, fordi ho var så flink til å låte på "prillarhorn" eller "stutarhorn". Ho ville helst gjere alle ting sjølv. Ein vår skulle dei buføre til stølen. Dottera vart send i veg med kyrne, og minstebarnet vart med, for elles ville det vore i vegen i vaskinga og bakinga, medan Kari "snugga av" (gjorde i stand) for sommaren. Det var seint på dagen. Ho hadde vaska ferdig "stugu". No sat ho i eldhuset og baka.

Då ho kjevla ut den siste leiven (lefsa) høyrde ho ein fin prillarhornlått ned i gjennom peispipa. Det var jenta på stølen som "hulla":
"Det vanta (mangla) meg mjøl, og det vanta meg brød. Det vanta meg salt og det vanta meg alt. Eg skal drive på, men vesle guten han gret no då-å-å." Då gjekk Kari ut med prillarhornet sitt og svara jenta på stølen: "Jenta mi, jenta mi, stri deg du! Mjølka ho renn, og leiven han bren n, å sulle du barnet til mor hans kjem."

Same dagen reiste Kari etter til støls. Då hadde ho "snugga i frå seg" heime.