Vêret

Kvifor pratar me om vêret?
Kan ein gjere noko me vêret?
Kva visste dei om vêret før?
Kva veit me om vêret i dag?















 

 

 

 













  
Kvifor pratar me om vêret?

Vêret skiftar mellom godt og dårleg, slik det er godt eller dårlig for folk og dyr og alt som veks og gror.

I godt vêr er det fint å vere ute både for folk og dyr. Bonden gler seg over godt høyvêr, og er glad når avlinga har kome i hus. I fjellet er det òg godt å vere når sola skin.

I dårleg vêr trivst ingen, korkje menneske eller dyr. Snø, sterk vind og kulde gjer utearbeidet tungt.

"Ingen rår med vêret". Slik har det alltid vore, og slik vil det vera. Men vêret er med og bestemmer kva me kan gjere både i utearbeidet og på fritid.

Les om uvêret under fôrkøyringa vinteren 1912 i:
"Håkon Aslesen Medgard f. 1880" av Håkon Medgard, i: Dølaminne (1995, s. 70)
Den gamle garden (1972, s.36-37) av Lars Opsata

Sjå vêret i Ål gjennom:
nettkameraet på Ål skisenter


Slått og fôrkøyring
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kan ein gjere noko med vêret?

I gamle dagar trudde folk at magiske vers og handlingar kunne gje godt vêr.

Gjetarane ynskte seg gjerne godt vêr. Her er ein "bøn" eller ei magisk regle, der gjetaren seier at skodda skal halde seg borte - ho burde gå heim att de barna sine:

Skodd, dala drit,
gå heim att te bodno dine.
Dei liggji i brando
og brende seg på hando.
Kjedlen på eisun,
kjinna på tuften,
kjyre i klava,
hesten i haga,
og gjeitadn era langt nord i bergo.
(sitert i
"Gjetarbøner frå Ål" av Kristen Svarteberg, i: Dølaminne (1968,s. 51)

Denne og fleire slike "bøner" vart samla
i Norske Hexeformularer og magiske Opskrifter (1901-02, 1985) av Anton Christian Bang rundt 1900.


Les meir om "gjetarbøner" i:
"Gjetarbøner frå Ål" av Kristen Svarteberg, i: Dølaminne (1968, s. 50-54)

Gjeting
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva visste dei om vêret før?

Ved å sjå korleis ting i naturen - sol, måne, fuglar og dyr - oppførte seg, skaffa folk seg kunnskap om vêret. Dette kallar me vêrmerke eller vêrteikn.

- Sommardagen, 14. april, var merkedag for våren. Kom det snø då, skulle det bli snø ni gonger før bufarhelga.
- Var det vind Kristi himmelferdsdag, vart det mykje vind om sommaren.

Kvar månad har ein eller fleire merkedagar. Slik vêret var på desse dagane, trudde folk det ville bli framover. I denne folketrua ligg det mykje erfaring.

I tillegg visste folk at klimaet forandra seg. Det hadde vore furuskog over 1000 meter over havet. I 1796 veks det bjørkeskog 1100 meter over havet ved Gyrinosi i Ål. Funn av røter i myrane i fjellet fortel at her har det vore ei mykje varmare periode enn den me er inne i no. Såleis er det samanhang mellom vêr og klima.

Les om vêret
, vêrmerke og merkedagar i:
Den gamle garden (1972, s. 17-20) av Lars Opsata
Den gamle stølen (1994, s. 163-165) av Olav Oppsato
Aal bygdesoge (1952, band 1, s. 27-29, 206-207) av Helge Fonnum og Kirsten Svarteberg
Aal bygdesoge (1955, band 2, s. 169-171) av Kirsten Svarteberg

Les om klima og klimaendringar i:
Far etter folk i Hallingdal (1994, s. 49-52) av Tom Bloch-Nakkerud og Inge Lindblom
nettstaden til
Meteorologisk institutt

Søk i bokbasen på emneorda:
merkedagar
primstavar
vermerke
  
Tilbake til spørsmåla


























  
Kva veit me om vêret i dag?

Ofte er ein titt gjennom vindauget nok, medan vêrmeldinga gjev langtidsvarsel.

I dag vert kunnskapen til meteorologane formidla gjennom vêrmeldinga på radio og Internett, i tv og vêrtelefonar.

Framleis er den lokale kunnskapen viktig. Derfor høyrer me ofte at me skal lytte til erfarne fjellfolk før me legg ut på skitur i påska. Det er ein av "fjellvettreglane".

Lær meir om meteorologi i:
nettstaden til Meteorologisk institutt

Sjå vêrmeldinga for Ål i:
nettstaden til Ål skisenter

Søk i bokbasen på emneordet:
vervarsling
  
Tilbake til spørsmåla