Nytt i Heimbygda!

04.04.13 Ny kontaktside er laga. Me beklager at lenka "Kontakt oss" ikkje har virka!

01.03.13 Ny lenkje på Lenkjer: Ål bygdearkiv. Sida er under arbeid.

21.12.11 Ål utvikling har lansert panoramafilmar frå ulike stader i Ål! Desse er det lenka til på Andre stader (under Ål utvikling/ Ål turistinformasjon). 

14.11.11 Oppdatering av lenkjene på Heimbygda er i gang. I 2008 kom det ein lokal dvd om draktskikken i Øvre Hallingdal (Tre kvinner og ein draktskikk), denne er no nemnt på sidene Kjelder, Forteljing 1 og Forteljing 3 under emnet folkekultur. Nettstadene Skolenettet og Kulturstreif er lagt ned, så lenkjene til desse er fjerna. 

28.09.11 Ny lenkje for emna stølsliv og mat (mjølk): filmen "Stølskona" (1964) er publisert i Nasjonalbiblioteket sin digitale katalog (NB Digital), den syner stølsdrift i Ål på 60-talet. Me har òg lagt ut lenkje til NB Digital på Andre stader.  

14.09.10 Nettredaktøren har starta arbeidet med å oppdatere emneord i koden på sidene. Me håper at det vil gjere at Heimbygda kjem lenger opp på trefflistene ved søking i t.d. Google.

14.06.10 Heimbygda har no lenkje til den lekre nettsida Ål52. Her er det 52 turtips frå heile kommuna, fleire av stadene med turmål frå eldre tider. Kjeldesidene under emna Høgtider i året, Høgtider i livet, Vatn og Garden har fått eigne lenkjer. 

22.02.10 Lenkjene på oppgåvesidene (Spørsmål og svar) er retta opp. Dermed skal alle lenkjer vere i orden. Elles er det lagt ut tips om Heimbygda på Facebook (gruppene "Ål i Hallingdal", "Hallingdal" og "Hallingmålets venner").

12.02.10 Lenkjene på Folkekultur og Mat er retta opp.

11.02.10 Lenkjene på Vatn og Stølsliv samt Ål i 1900 er retta opp.

10.02.10 Lenkjene på Kommunikasjon (Jernbanen), Utvandring og Høgtider i livet er retta opp.

03.02.10 Godt nytt år! No er arbeidet med lenkjene i gang. Sidene under emna Høgtider i året, Forhistorie, Dialekt og Eventyr skal no vere i orden.

22.12.09 Lenkjene til bokbasen Aleph må byttast ut grunna tekniske oppdateringar. Me skal gjere det så snart me kan!

24.09.09 Ny lenkje på Andre stader: historier.no. Historier.no har lagt ut ei lenkje til Heimbygda!

16.09.09 Nye lenkjer under emna Eventyr, Høgtider i året, Dialekt og Garden: forteljingar frå Ål på nettsida historier.no.

30.07.09 Sida So sea me her er no oppdatert etter vegleiing frå forfattar Kjell Venås.

26.06.09 Då er emnet Dialekt (Hallingmålet) ferdig med ei hovudside, ei forteljing (dialektprøve) og So sea me her. På kjeldesida er det verd å merke seg referansane til artistar som syng på halling!

Dialekt vert det siste emnet før redaktøren tek ein pause med Heimbygda. Ho vil halde fram med marknadsføring av sida for skular og andre interesserte. 

04.05.09 Emnet Jernbanen er no ferdig, med ei forteljing og tre biletsider.

31.03.09 Utbygginga av Heimbygda blir sett på vent frå hausten 2009. Fram til sumaren håpar eg å bli ferdig med tre emne.

09.03.09 Eit bilete til forteljinga Handel og sjølvberging er lagt ut. Emnet folkedrakt er ferdig. Siste nytt er ein biletserie om reiskaper til å lage klede.

20.06.08 Bilete frå Ål bygdearkiv sitt bunadsregister er lånt og vil etter kvart dukke opp på spørsmålssida om dosakleu.

28.04.08 Ny spørsmålsside om dosakleu er laga. Emnet folkedrakt er under arbeid, ei forteljing er publisert. 

10.04.08 Synne presenterte Heimbygda på eit styremøte i Ål historielag.

07.01.08 Emnet Arbeidet på garden er ferdig.

26.11.07 Lenkjer til ei god juleside (Schulze) er lagt ut på sida Andre stader.

01.10.07 Sida Ål i 180 år er omarbeidd og heiter no Ål i år 1900. Enjoy! 

11.06.07 Arbeidet med Arbeidet på garden er i gang.

30.04.07 Ny lenkje på Andre stader: Minneoppgavene for eldre. Her er det personlege minne frå heile landet, nokre direkte knytta til Ål.

01.03.07 Emnet Folket på garden er ferdig vurdert og lagt ut. Det er også spørsmålssida om skulen. Tusen takk til Sando skule for innspel!

26.02.07 Ei ny side, Ål i 180 år, er gjort ferdig. Her er det ei liste over viktige hendingar i Ål dei siste 180 åra. Ynskjer innspel.  Elles er alle turmåla no oppdaterte. Nokre stader (t.d. under emnet Vatn) trengst det nærare forklaring på korleis ein kjem seg fram til turmålet.

18.12.06 Ein demoversjon av emnet Folket på garden er lagt ut og skal testast av ein av barneskulane i Ål etter jul.

14.12.06 På eit møte i Ål si DKS-gruppe vart det uttrykt ynskje om at skulane i Ål vert testskular for Heimbygda. Dei skal kome med innspel til vinklingar og teste demosider. Skulane får eitt emne kvar, og ein håpar å få til eitt emne (eventuelt delemne) per semester. Nettredaktøren vil framleis ha arbeidet med å legge ut tekst og bilete.

20.11.06 Alle lenkjene frå "Folk"-sidene til dokument i Ål bibliotek er no oppdaterte. 

13.11.06 Ei ordliste med ord om garden er lagt ut på emnesida.

07.08.06 No er lenkjene oppdatert på "Emne"-sidene. Emnet Garden er under utbygging.

22.06.06 Lenkjene til dokumenta i Ål bibliotek må leggjast om grunna tekniske oppdateringar. Me vil prøve å ordne dette så snart som mogeleg.

14.06.06 Møte med styret i Ål bygdearkiv om bruksrett til bilete. Her kom me fram til at nettredaktøren skal setje alternativ tekst til kvart bilete frå bygdearkivet, der bruksretten kjem klart fram. I tillegg håpar me å få til ein skriftleg avtale med arkivet etter kvart.

20.05.06 Emneområdet Mat er ferdig. Nokre bilete er ikkje lagt ut enno. Bruken av bilete frå bygdearkivet er foreløpig utsett på grunn av ein gjennomgang av rutiner og bruksrettar.

11.01.06 Heimbygda er no publisert med ein ny adresse: http://www.heimbygda.no. Dette er i samanheng med ei omlegging av adressene til Hallingdalsbiblioteka. Me håpar at dette vil gjere det enklare å finne nettstaden!

19.12.05 Til hausten vil ein ny læreplan, Kunnskapsløftet, bli innført i Ål. Dette vil ha innverknad på bruken av Heimbygda. Nettredaktøren ser på dette med tanke på vidare arbeid. 


12.12.05 Arbeidet med emnet Mat er godt i gang, og vil vere ferdig utpå vårparten 2006. Julesidene ifrå Danmark er lagt ut att; sjå lenkjer
 

13.06.05 Nettredaktøren oppdaterer seg for tida på dei juridiske spørsmåla ved bruken av Heimbygda.  Ikkje ta utskrifter eller bruk materiale frå sidene utan å kontakte redaktøren fyrst. Sjå Rettleiing!

02.05.05 Nytt emne på "Andre stader": 1905 - Norge, Sverige og unionen. 1905-nettsida er ein del av Prosjekt1905.

14.03.05 Påskesidene er lagt ut. Her er det rom for tilbakemelding og tips om nytt stoff. Spørsmål og svar er ikkje ferdig. 


07.02.05 Leveld skule fekk besøk av nettredaktøren, som vegleidde lærarane i bruk av Heimbygda og i søking i biblioteksbasen. Konstruktive tilbakemeldingar. Ein lærar gav råd om å leggje ut kart til turmål. Dette vil me prøve å fylgje opp når kart over Ål blir oppdatert til hausten.  

0
4.02.05 Sida med rettleiing er revidert. Fint med tilbakemelding. Oppdatering av lista Andre stader. Merk spesielt link til Riksantikvaren sine sider om opprusting langs svenskegrensa! Merk òg at dei danske julesidene som blei lagt inn 9. desember fyrst kjem opp att til neste jul.

13.12.04. Synne M. Fredriksen tek over som redaktør 3. januar. Elisabet S. Amundsen har siste arbeidsdag 16. desember. God jul!

09.12.04. Statens arkiver i Danmark har opna Arkivets historiske julesider! Hugs at i Heimbygda finn du lesetips om julefeiring i Hallingdal! Gå inn på Høgtider i året.

01.11.04. Lærarane på Nedre-Ål skule fekk opplæring i bruk av Heimbygda 5. oktober. 25. oktober var det Sando og Torpo sin tur. Takk til Nedre-Ål for lån av datarom! Neste skule ut er Ål ungdomsskule 8. november kl. 1445-1545.

04.10.04. Kast og sprett i lausdansen i 1930-åra ligg ute med tekst og bilete.

27.09.04. Nokre av tekstane til Folkemusikk er lagt ut. Resten, saman med bilete og lyd kjem seinare.

30.08.04. Heimbygda følgjast opp på rektormøtet 7. september.

30.08.04. Lærarane på Skattebøl skule fekk opplæring i bruk av Heimbygda 6. september kl. 1400.

30.08.04 Folkemusikk er under arbeid. Me startar med dans, som er ein del av "Folkekultur i skulen" ved Ål kulturskule.

23.08.04. Folk med rundt 140 namn vart for stor og tung å laste opp. Fila er no delt i 7. Gje redaktøren melding om feil på lenkjene.

20.08.04. Synne M. Fredriksen er tilsett som barnebibliotekar i 100 % stilling frå 15. september. Ho blir den nye redaktøren for Heimbygda. Elisabet S. Amundsen vikarierer for ho fram til jul.

09.08.04. Folkekunst nærmar seg ferdig, berre bileta for treskjering, rosemåling og skinnfellroser manglar.

05.07.04. Det er sommarfri for Heimbygda fram til 2. august. God sommar! 

07.06.04. Undervisningsplansjar har inspirert elevar i meir enn 100 år. Sjå "De klassiske undervisningsplansjene"

10.05.04. Heimbygda er godkjent og registrert som læringsressurs i Utdanning.no!

13.04.04. Meir folkemusikk under Folkekultur. Nye tilvisingar til film, lydband og cdar hjå Ål bibliotek. 

29.03.04. Hugs at i Heimbygda finn du lesetips om påskefeiring i Hallingdal! Gå inn på Høgtider i året. Her er lista over bøker no delt inn i gruppene helg, jul, påske, pinse og jonsok.

20.02.04. Noregs Lærarmållag ynskjer å høyre meir om Heimbygda. Det skjer på ope møte i Ål bygdearkiv, fredag kl. 1900.

09.02.04. Nye tilvisingar til bøker om Folkekunst, særleg treskjering.

02.02.04. Folkekultur og Eventyr og folketru har fått fleire emneord for å søkje etter generell litteratur. Dei nye emneorda er: brukskunst, husflid, folkekunst, treskjering, bunader, folkedrakter, søljer, balladar, folkeviser, stev, folkedikting

02.02.04. Folkeviseautomaten lærer deg om balladar!

26.01.04. Lista over bøker om Folkekultur er no delt inn i gruppene folkekunst, folkedrakt og folkemusikk.

14.01.04. Heimbygda samarbeider med Ål kulturskule om prosjektet "Folkekultur i skulen", ein del av Den kulturelle skulesekken i Ål kommune. Prosjektet er finansiert med støtte frå ABM-utvikling.

22.12.03. Gamle Naboar lærer deg meir om arkeologi på Vestlandet, men òg i kommunen din.

22.12.03. Gjennom lokalhistorie.no kan du finne kjelder frå Ål og lære meir om bygdebøker.   

22.12.03. Terra Buskerud har stoff frå Hallingdal!

08.12.03. Husa på garden er under arbeid.

01.12.03. Hugs at i Heimbygda finn du lesetips om julefeiring i Hallingdal! Gå inn på Høgtider i året.

17.11.03. Lenkjene frå Heimbygda til bokbasen var brotne. Dei er no i orden.

03.11.03. Kjærlaug Pedersen har permisjon fram til hausten 2004. Elisabet S. Amundsen vikarierer som redaktør for Heimbygda i 20 % stilling.