[ Om prosjektet ]

"HEIMBYGDA - EIN REFLEKS AV LANDET OG VERDA" (12. NOVEMBER 2001)

av prosjektleiar Elisabet Sveingar Amundsen


Innlegg heldt på avslutningsseminaret til paraplyprosjektet "Skjermkontakt med lokalhistorien", Bogstad Gård, 12. november 2001. 
  
Innleiing
[ Framsida ]

Som prosjektleiar for Heimbygda-prosjektet har eg no gleda av å ynskje velkomen til ei før-visning av nettstaden "Heimbygda - ein refleks av landet og verda". Det er resultatet av eit toårig samarbeidsprosjekt me skal få smakebitar av her - eit samarbeid i Ål kommune i øvre Hallingdal. Ål kommune har ca. 4.700 innbyggjarar og eit levande kulturliv.


Lokalt samarbeid

Sjølv om me har fått hjelp frå Statens bibliotektilsyn, fylkes- og regionnivået i bibliotek- og museumssektoren, har Heimbygda-prosjektet vore eit prosjekt med sterk lokal forankring. 

Samarbeidspartane er lokale institusjonar:

  • Ål bibliotek
  • Ål bygdamuseum
  • grunnskulen i Ål kommune

Lokal forankring har vore både positivt, utfordrande og ikkje alltid nok.

Lokal forankring har vore positivt og nødvendig for å formidle lokalhistorie til grunnskuleelevane - hovudmålet i prosjektet. Det dreier seg om formidling av eit materiale som er resultat av iherdig lokal innsats for å samle gjenstandar, hus, foto og lydband, litteratur, dialektord og stadnamn. Kunnskapen om dette materialet er skjøtta av medlemma i prosjektgruppa.

Lokale rammeføresetnader har også medført utfordringar og uløyste oppgåver, m.a. er kulturminnevernet ikkje samla i kommunal sektor, og kulturarvinstitusjonane manglar felles planar for registrering, digitalisering og koordinering av lokalhistorisk materiale.


Lokalhistorie på Internett

Det å lage ein nettstad byr i seg sjølv på utfordringar som ikkje nødvendigvis let seg løyse lokalt. For å lage nettsidene har me brukt FrontPage 2000, men formidling på Internett handlar òg om nettpedagogikk. Her måtte me søkje ekstern hjelp, og sidan oktober 2001 har Brodd i Oslo forenkla strukturen og skapt heilskap i det visuelle uttrykket.

[ Emne ] Heimbygda-prosjektet er avgrensa til å føre grunnskuleelevane inn i bestemte emne og vise vidare til materiale om emna. Dette har me løyst på tre måtar, gjennom tekst og bilete, spørsmål og svar, og referansar:
[ Det farefulle stølslivet ] 1. Tekst og bilete. Å arbeide med tekst og bilete har vore den mest spennande, men òg den mest arbeidskrevjande formidlingsmåten.
[ Buføring ] 2. Spørsmål og svar. Sidene med spørsmål og svar om einskilde, mindre emne er eit forsøk på å utdjupe og aktivisere kunnskap.
[ Stølsliv: Kjelder... ]
[ Aleph ]
3. Referansar. Tilvisingane til kjelder og turmål er ei oppmoding til sjølv å ta i bruk materiale i og utanfor nærmiljøet. For litteraturen sin del blir dette ei lenkjesamling som fører vidare til bokbasen ved Ål bibliotek (Aleph).
Det har vore utfordrande å sjå nettstaden i samanheng med eit undervisningsopplegg som tek i bruk heile nærmiljøet og informasjonstilfanget elles. Her står det att uløyste oppgåver som me vonar å løyse etter kvart som nettstaden kjem i bruk.
  
Sluttord
[ Framsida ]

Logoen til "Heimbygda" speglar av korleis impulsar (her: rosemålingskunsten) vart teken opp og fekk sitt lokale særpreg. Eit av måla for prosjektet har vore at elevane skal lære å kjenne historia til nærmiljøet sitt for å sjå korleis heimbygda reflekterer landet og verda. Dette har nok førebels vorte meir implisitt enn det me kanskje hadde ynskt på førehand. Likevel føler me at me har oppnådd mykje.

Mest av alt har Heimbygda-prosjektet ført til auka medvit lokalt i forhold til dei utfordringane som ligg i historieformidling gjennom IKT.

Paraplyprosjektet har tilført oss viktige impulsar, og vist oss at det blir arbeidd med desse utfordringane også andre stader: i dei andre delprosjekta - og sentralt og internasjonalt. Difor vil eg takke Statens bibliotektilsyn, og Sidsel Hindal spesielt, for å ha sett korleis "Heimbygda" kan reflektere landet og verda, og stødde oss i dette arbeidet.

03.12.07