[ Om prosjektet ]

"HEIMBYGDA - EIN REFLEKS AV LANDET OG VERDA" (18. OKTOBER 2001)

av prosjektleiar Elisabet Sveingar Amundsen

Innlegg heldt på ABM-seminar i Buskerud, Modum kulturhus, 18. oktober 2001. 
 

Innleiing

Det er snart eit år sidan 1. desember i fjor og ABM-samlinga på Hallingdal Folkemuseum, der eg formidla dei fyrste erfaringane frå Heimbygda-prosjektet. Då handla det om samarbeidet mellom grunnskulen i Ål, Ål bibliotek og Ål bygdamuseum, og om det å bruke Internett som medium. Internett og samarbeid vil også vere tema i dag, for hovudmålet - i år som i fjor - er å leggje til rette lokalhistorisk informasjon i ein nettstad for grunnskulen i Ål kommune.

Prosjektet har no bore frukter i form av utkastet til nettstaden "Heimbygda". I førre veke vart utkastet sendt til modning hjå Brodd (Oslo), der dei driv kurs- og konsulentverksemd innan bibliotek, arkiv og Internett. Me trudde utkastet var sendt til modning, medan det heller har vore snakk om ein fødsel. Eg vil difor la innlegget denne gong handle om prosessen rundt starten på utforminga av nettstaden.


Fødselshjelp

Fødselshjelp bør skje tidleg i eit prosjekts liv. Om eg skal peike på kva me kunne trenge hjelp til, må det bli det å handsame fleire typar informasjon som skal inngå i ein nettstad og eit undervisningsopplegg. Det gjer at me har mange faktorar og samanhengar å ta omsyn til: Det lokalhistoriske materialet står i eit forhold til personar og institusjonar i nærmiljøet. Det skal - gjennom utval, nettpedagogikk og gode tekniske løysingar - presenterast i nettstaden, og gjennom dette inspirere til vidare bruk av lokalhistorisk materiale. Dette føresett kompetanse på ei rekkje område, som me i prosjektgruppa føler at me ikkje har. Dermed dukkar det stadig opp ting me ikkje hadde tenkt igjennom på førehand, eller ting me blir usikre på. Uvissa er framfor alt knytt til nettpedagogikk og gode tekniske løysingar. Kva gjør ein då?

Fyrst går ein til sine nærmaste. Heimbygda-prosjektet var det siste av dei sju lokale delprosjekta som kom inn under paraplyen til prosjektleiar Sidsel Hindal i "Skjermkontakt med lokalhistorien" ved Statens bibliotektilsyn. Etter fem månader i fjor sa eg at "de har kommet lengre enn oss, og erfaringene deres er noe vårt prosjekt kan nyte godt av".

Eit av måla i paraplyprosjektet var å prøve ut ulike informasjonsteknologiske løysingar for å gje eit betre tenestetilbod. I den rykande, ferske evalueringa frå Norsk lokalhistorisk institutt, kjem det fram at paraplyprosjektet kanskje har presentert "for lite stoff som eksplisitt kunne tjene som inspirasjon og konkret veiledning under arbeidet med de lokale delprosjektene". Riktig nok har me fått svar på konkrete spørsmål av teknisk art, men me har ikkje fått hjelp til sjølve utforminga av nettstaden. Dette var heller ikkje noko mål for paraplyprosjektet, men me har ikkje vore presentert for "gode løsninger på ulike problemer".

Derimot har me vore samde om at det sikkert er mykje å hente i eit anna av skuleprosjekta i "Skjermkontakt med lokalhistorien", nemleg Austevoll-prosjektet, som var godt i gang då me kom med. Det synte seg at Austevoll-prosjektet tidleg hadde gått inn i eit samarbeid med Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen. På prosjektleiarsamlinga i slutten av mai 2001, fekk Mediesenteret presentert seg for alle i paraplyprosjektet, og me sat att med eit veldig positivt inntrykk.

På det tidspunktet hadde eg gjeve opp å finne lokale samarbeidspartar som kunne hjelpe oss med både nettpedagogikk og gode tekniske løysnigar, løysingar som også må ta omsyn til at me bruker FrontPage. Netteditorprogrammet MS FrontPage 2000 inngår som ein del av ABM-satsinga i Buskerud. I vinter sa me nei-takk til eit tilbod frå Numedalsnett om ein publiseringsdatabase, delvis på grunn av FrontPage. FrontPage må også ta sin del av skulda for at det i haust ikkje vart noko samarbeid med Mediesenteret, då det viste seg at dei ikkje kunne arbeide med FrontPage.

Til slutt enda me då hjå Brodd, der eg gjekk på byrjarkurs i FrontPage 2000 for nøyaktig eitt år sidan. Brodd har altså vore fødselshjelper i to omgangar, og kunne etter mi meining med fordel adoptere Mediesenterets profil - gje kurs, samstundes som ein hjelper til med oppbygginga av nettstaden.


To råd frå FrontPage-kurset hjå Brodd

To råd tok eg med meg frå FrontPage-kurset hjå Brodd:
  • Når tekstane ikkje alt ligg føre, kan det ofte vere like greitt å jobbe med dei direkte i FrontPage
  • Det vil vere nyttig å skilje ulike arbeidsprosessar frå kvarandre i arbeidet med nettstaden

Dette er gode råd, men resultata ikkje alltid like greie, noko eg straks kjem attende til. Den aller største fallgruva ved FrontPage er at du føler deg sjølvhjelpen. Det kan føre til at ein held på litt for lenge før ein søkjer hjelp.

Hovudproblemet med å kladde direkte i FrontPage er ikkje rotete HTML-koding men inntrykket det skaper hjå andre. Ein førebels presentasjon av noko gjev forventningar til innhaldet, kladden gjev inntrykk av å vere eit ferdig produkt. Her har det ikkje vore noko føremon at dei fleste i prosjektgruppa ikkje kjenner programmet, eller at dei er ukjente med nettsideproduksjon generelt. På kurset fekk me råd om å arbeide med utforminga av nettstader i tre påfølgjande fasar:

1. Informasjonsdesign (flytdiagram) = målstruktur
Kva for inndeling skal informasjonen ha?
2. Interaksjonsdesign (dreiebok) = navigasjon
Kva for gang skal det vere i sidene?
3. Presentasjonsdesign (prototyp) = utsjånad
Kva for ytre innpakking skal nettstaden ha?

Utifrå desse tre fasane  - informasjon, interaksjon og presentasjon - er det klart at arbeidet med materialet til "Heimbygda" kunne vore lagt opp annleis, men det har vore vanskeleg for prosjektgruppa å skilje fasane i prosessen.


Etter beste emne

I arbeidet med nettstaden låg dette fast: Informasjonen skulle vere emne med referansar til tilhøyrande litteratur og turmål, og presentasjonen skulle ta i bruk tekst, bilete og lyd.

Det har vore ein tung veg å gå derifrå fram til at informasjonen vert forma til element som kan gå inn i ein hendingsgang og samanheng. Her kunne me ha gjort betre forarbeid, men gong på gong vart det spørsmål om datateknikk eller spørsmål rundt den visuelle utforminga, sannsynlegvis fordi ting me oppfattar som visuelle - alt frå bilete til element i navigasjonsstrukturen - jo like godt kan høyre heime i dei to fyrste som i den siste fasen av prosessen.

Det visuelle er viktig i nettsideproduksjon, og med alle atterhald, vil eg her vise fram den biten av "Heimbygda" som me har arbeidd mest med - stølslivet.

[ Det farefulle stølslivet ]

Me valde å byrje med stølslivet i Ål, som eitt emne for å kome fram til ein mal som kan nyttast på andre emne. Undervisning har jo alltid på ein eller annan måte vore samla rundt emne.

I L97 finn me i tillegg omgrepet temaorganisert opplæring. Frå 1.-4. klasse skal det vere minst 60% temaorganisert opplæring. Frå 5. klasse rettar temaorganiseringa seg stadig meir mot prosjektarbeid, medan prosentsatsen går ned. På ungdomstrinnet er den nede i 20 %. Prosjektarbeid er etter L97 ei arbeidsform, der eleven tek utgangspunkt i ei problemstilling, gjerne med lokalt tilsnitt, og gjennomfører eit målretta arbeid frå idé til ferdig produkt i nært samarbeid med lærarane. Dermed er det behov for lokal informasjon både for lærar og elev. Emne blir ein naturleg innfallsvinkel, og Internett eit medium å formidle informasjonen gjennom. Men korleis?

Jo meir eg arbeidde med stølslivet, jo tydelegare vart det at emnet kan sjåast frå fleire synsvinklar. Forteljingane om stølslivet fordelte seg på tre grupper:

  • det farefulle stølslivet, der søkjelyset er retta mot kjelder som fortel om farlege episodar under reisa og opphaldet i fjellet
  • det slitsame stølslivet med det tunge arbeidet i kvardagen på stølen
  • det gode stølslivet, der gode minne frå opphaldet på stølen står i fokus saman med stølsromantikken blant kunstnarane

Her blir tekst og bilete viktig, spennande - og arbeidskrevjande. Men det er denne biten som det har vore lettast å finne ei form på.

[ tilvisingar til stølsliv ]
[ alfabetisk litteraturliste ]
[ liste over personar ]

Me ville at arbeidet med eit emne skulle syne oss kva for informasjonstypar og informasjonsmåtar som kunne fungere hjå oss. Det som har skapt mest hovudbry er å finne ei form på og plassering av den meir faktaorienterte informasjonen og hjelpelistene - i forhold til kvarandre og i eit undervisningsopplegg -, og korleis lagring og oppdatering av data skal skje utan bruk av database. Dette er sannsynlegvis problem som dei fleste uerfarne vil kome bort i når dei går i gang med større nettstader. I vårt tilfelle har resultatet vorte meir eller mindre heldige løysingar.


Test av nettstaden

Ved påsketider fekk me endeleg mogligheit til å teste nettstaden "Heimbygda" i 8. klasse under det som kallast 1800-tallsprosjektet. Det føregjekk i fem dagar fordelt over 2 ½ veker. Det involverte 12 lærarar i tillegg til meg, og 16 grupper med til saman ca. 60 elevar. "Heimbygda" hadde omlag 90 treff i prosjektperioden.

Testen av nettstaden var ein liten del av prosjektet, og skulle skje gjennom ein times demonstrasjon av nettstaden og ei spørjeundersøking. Samstundes kunne nokre av gruppene bruke stoffet som låg i "Heimbygda". Dette vart ein prøveklut for korleis nettstaden, materialet i nettstaden og dei samarbeidande institusjonane kan fungere i heilskap, og det vart etterkvart klart at 1800-tallsprosjektet hadde gode intensjonar, men svikta noko i gjennomføringa.

For Heimbygda-prosjektet sin del vart resultatet blanda. Det var t.d. kjedeleg å sjå at maskinane på Ål ungdomsskule ikkje hadde program til å laste ned demonstrasjonsfilmane frå Filmautomaten til Norsk Folkemuseum, eller at bileta frå Galleri Nor tok så lang tid å laste ned at dei fleste gruppene gav opp. Men det eg vil trekkje fram som vesentleg, er at elevane treng oppfølging når det gjeld informasjonssøk. Internett hadde ikkje forrang framfor bøker i dette tilfellet. Elevane hadde mykje glede og nytte av å få rettleiing i publikumssøk i Aleph, bokbasen til Ål bibliotek. Denne rettleiinga var òg nødvendig, då det ligg lenkjer direkte frå "Heimbygda" til poster i Aleph.

Testen gav ikkje svar på alle spørsmåla me hadde til opplegget. Det var særleg dei mange inngangane til nettsidene Brodd i ettertid har meint var negativt. Såleis har det vore eit klart behov også for prosjektgruppa å få rettleiing i kunnskapsorganisering (dvs. organisering, strukturering og attfinning av informasjon), som er Brodd sitt spesialfelt, i utforminga av nettstaden.


Sluttord

Frå å ha vore oppteken av lokale nettverk, noko som enno er aktuelt for å integrere ABM og skule, har samarbeidet i prosjektgruppa den siste tida vore gjennom ein fase der me kanskje opplever det heile som eit samarbeid om det me ikkje kan noko om - nettpedagogikk.

Me skulle sameine skulen sin pedagogiske kompetanse med museet og biblioteket sitt materiale og kompetanse for å oppnå best mogleg kunnskapsformidling. Men skulen og ABM-sektoren møter dei same utfordringane i kunnskapsformidlinga, og for ABM-sektoren ligg det òg pedagogiske utfordringar også i materialet dei forvaltar. Internett er såleis ikkje den einaste utfordringa, men er ein av dei sentrale utfordringane i kunnskapsformidlinga framover.

Nettpedagogikk er noko ein til og med i forslag til statsbudsjett meiner "det er stort behov for å utvikle og formidle kunnskap om" (Kulturbudsjettet, s. 124). Feltet er i utvikling. Det finst alt no eit nordisk samarbeid om undervisning i nettpedagogikk. Men mykje er enno uklart. For ikkje lenge sidan høyrde eg ein pedagog etterlyse nettpedagogikk i samanheng med bibliotek, IKT og læring. Det var prosjektleiaren ved Læringssenteret i Hedmark, Svein Foss, som på regionkonferansen "Bibliotek i forandring" på Røros i september ikkje berre etterlyste kompetanse på nettpedagogikk i biblioteksektoren. I tillegg kom han med følgjande oppmoding til bibliotekarane: - Vend tilbake til det de er best på - kunnskapsorganiseringa - og overlat mangfaldet av uttrykksmåtar til nye yrkesgrupper.

Ein kan vere samd - og usamd - i forslaget til ei slik arbeidsdeling, eventuelt spørje seg kven som skal inngå i dei nye yrkesgruppene, men hovudmålet må vere at me kan få midlar og samarbeid også på dette området. Om eg med dette innlegget har lykkast i å tydeleggjere behovet for nettpedagogikk i utviklinga av nettstader, då er eg førebels nøgd. Eg vonar at andre ikkje vert skremt frå å gå i gang med liknande prosjekt, men sørg gjerne for at fødselshjelparane er til stades når den gode idéen skal setjast ut i livet.
26.11.07