[ Om prosjektet ]

"HEIMBYGDA - EIN REFLEKS AV LANDET OG VERDA" (1. DESEMBER 2000)

av prosjektleiar Elisabet Sveingar Amundsen

Innlegg heldt på ABM-seminaret i Buskerud, Hallingdal Folkemuseum, Nesbyen, 1. desember 2000. 
 

Innleiing
"Heimbygda - ein refleks av landet" var den fine tittelen på ei bok om lokalhistorie i Hol, som Osvald Medhus kom med i 1997, og denne tittelen syntes biblioteksjefen i Ål passa bra for prosjektet ho gjekk og tenkte på, og som eg fekk i oppgåve å leie frå 1. juli 2000. Fleire her har nok høyrt Gerd Haug presentere bakgrunnen for prosjektet, og eg skal berre kort kome inn på bakgrunnen og arbeidet så langt. Men det eg fyrst og fremst vil gjøre her, er å dele nokre erfaringar eg har gjort meg i løpet av dei fyrste fem månadene, medan det enno er att ti månader.


Bakgrunn

Eg har fått i oppgåve å leie eit toårig samarbeidsprosjekt med tre partar. Dei tre er:
  • grunnskulen i Ål kommune
  • Ål bibliotek
  • Ål bygdamuseum

som har gått saman om dette prosjektet etter initiativ frå Gerd. I tillegg har prosjektet ei styringsgruppe med medlem frå samarbeidspartane, Buskerud fylkesbibliotek og Hallingdal Folkemuseum.

Hovudmålet i prosjektet er å lage ein lett tilgjengeleg nettstad med lokalhistorisk informasjon og tilvisningar til litteratur og turmål. Denne informasjonen skal presenterast på ein måte som tek i bruk tekst, bilete og lyd, og det skal inspirere den einskilde eleven til å arbeide med lokalhistorie i samanheng med generell historie. Det er altså grunnskuleelvane som er den primære målgruppa, men vonleg vil også andre internettbrukarar, som er interessert i lokalhistoria i Ål, ha glede av å besøke ein slik nettstad.

Det som har gjort prosjektet mogleg økonomisk, er eigeninnsatsen frå dei tre partane og eit tilskot frå Statens bibliotektilsyn under "Skjermkontakt med lokalhistorien". Tilskotet hadde til føresetnad eigeninnsats, som i praksis m.a. inneber at skulen har stilt med 550 lærartimar for å ha to lærarar i prosjektet (ein frå barnetrinnet og ein frå ungdomstrinnet), medan museet og biblioteket har gjeve  550 timar til saman for å frigjere sine tilsette til prosjektarbeidet. Mine lønsmidlar - og berre det - vert dekka av Statens bibliotektilsyn. Såleis er me heilt avhengige av tilskot frå andre stader for å dekkje andre utgifter.

Prosjektet er no inne i sin andre vinter, og det meste av tida har gått med til arbeidsmøte. No vert dei heldt med 2-4 vekers mellomrom. Møta har vore konsentrert om litteraturtilvisningar. No arbeider me med tekstar og tilrettelegging av litteratur, medan bilete og lyd står for tur.

Lærarane vil at presentasjonen skal vere ordna etter emne, og me valde å byrje med stølslivet i Ål. Med utgangspunkt i stølslivet vil me finne fram til ein mal som kan nyttast på andre emne, og dette skal me teste ut på ungdomsskuletrinnet etter jul. Slik har me tenkt å byggje ut nettstaden ved å leggje til stadig nye emne.


Samarbeid

Prosjektet har så langt gjeve meg innsikt i ein del sider ved samarbeid i ABM-sektoren, og i samarbeidet mellom denne sektoren og ein annan naturleg samarbeidspart, nemleg skulen. Det har lært meg at ein må rekne med at partane går inn i samarbeidet med ulike mål og føresetnader. I vårt prosjekt handlar det om at:

  • Skulen skal lære opp elevane i å søkje kunnskap, og fokuserer på prosjektarbeid som ein måte å innarbeide gode arbeidsrutinar på. L97 oppmodar lærarane til å ta utgangspunkt i lokalsamfunnet, og gjerne lokalhistoria. Såleis er det naturleg at elevane blir sett i kontakt med institusjonane som forvaltar lokalhistorisk materiale: arkiv, bibliotek og museum.
  • Biblioteket ynskjer å profilere lokal litteratur, samstundes som bibliotekarane ofte føler at dei ikkje strekkjer til når dei skal hjelpe kvar einskild elev med prosjektoppgåvene.
  • Museet sit med originalmateriale i utstillingar og magasin som krev nytenking i formidlinga. Aktivitet kan vere er eit stikkord, anten det dreier seg om demonstrasjon av handverksteknikkar eller eventyrkveldar for skuleelevar.

Desse tre partane er absolutt ikkje ukjente med kvarandre, men kontakten har ofte vore prega av at ABM-sektoren leverer tenester til skulesektoren. I vårt prosjekt må skulen tydeleggjere sitt behov, og møter gjennom dette dei to andre partane i utforskinga av Internett som medium i formidlinga av det lokalhistoriske materialet.

Her skulle eg ynskje at eg kunne hjelpe i sterkare grad enn det eg gjer med min bakgrunn frå etnologi og nokre andre universitetsfag. Jamvel om eg har god trening i kjeldesanking og ein viss oversikt over kulturarvinstitusjonar og prinsippa der. Og sannsynligvis kan eg skrive forståelege tekstar basert på historisk materiale - men IKT er ikkje mi sterke side. Det at eg går på kurs i FrontPage og digital bilethandsaming hindrar ikkje at eg kvar veke må setje meg inn i nok IKT og nok lokalhistorie til å kome med eit overbevisande forslag, som prosjektgruppa kan ta stilling til. Den praktiske gjennomføringa blir såleis naturleg nok eit spørsmål om kompetanse, tid og pengar. I vurderinga av dette, er styringsgruppa ei god støtte å ha.

I tillegg kan eg støtte meg på "Skjermkontakt med lokalhistorien". Det fungerer som forum for sju prosjekt, som alle arbeider med tilrettelegging av lokalhistorisk materiale på Internett. Av dei sju er det to andre prosjekt, som rettar seg mot skulesektoren. Dei drivast av Stavanger og Austevoll bibliotek. Dei er komne lengre enn oss, og erfaringane deira er noko vårt prosjekt kan nyte godt av. "Skjermkontakt"-prosjektet avsluttar sitt arbeid i november 2001.

Mine erfaringar så langt har òg vist at det kan vere nyttig å ha andre partar involvert ut over dei eg nemner her. Eg vil spesielt trekkje fram det lokale bygdearkivet som sit med eit stort fotomaterialet, som ikkje er digitalisert. Sist, men ikkje minst, har eg sakna ein velorientert IT-seksjon. Difor vil eg avslutte innlegget med å peike på nokre spørsmål som fortener ei nærare utgreiing før ein går i gang med eit prosjekt som vårt.


Tips til forprosjekt

Å lage ein nettstad kan nærast forklarast som å leggje eit puslespill. Når ein vil ha oversikt over brikkene, må ein ikkje gløyme at desse brikkene er dynamiske. Det er viktig å sjå etter om ein kan påverke utforminga av brikkene, og det er viktig å kartleggje kva som må til for at brikkene skal passe saman.

Spørsmål som ein kan stille seg i eit forprosjekt er framfor alt knytt til kartlegginga av tilgjengelige ressursar. Eg tenkjer ikkje her på økonomi, men det kan spare eit prosjekt for utgifter om ein tek føre seg spørsmåla om kompetanse, det tekniske og den informasjonen ein vil ut med:

  • Til dette med kompetanse kan ein spørje: Finst det nokon som har drive med kulturformidling, gjerne via Internett, og nokon med datakompetanse på Internett, database og datasystem, som kunne vere interessert i å delta i eit prosjekt?
  • Til det tekniske kan ein spørje: Kva for materielle dataressursar er det tilgang på? Det vil dreie seg om maskiner, program, Internett og server. Passar dei saman? Det er viktig å få med seg at val av programvare (t.d. netteditoren) legg visse føringar for arbeidet og stiller krav til server og databasar.
  • Til den informasjonen ein vil leggje ut kan ein spørje: Finst det offentleg tilgjengeleg materiale, eller finst det personar som kan medverke med materiale til offentleggjering? Er noko av dette materialet digitalisert? Det kan vere tekstar, bilete, databasar, nettressursar. Kva skal til for å få materialet publisert på Internett? Det handlar m.a. om at materialet må føreliggje i kompatible format.



Avslutning

Digitalisering gjev moglegheiter, men tilrettelegginga av det digitaliserte materialet er minst like viktig. Det er her Internett kjem inn i biletet, men det krev innsikt i to ting: presentasjonsteknikk og datateknikk. Fleire museum har arbeidd med nettutstillingar med spennande resultat (t.d. Rikspolitisk senter på Eidsvoll og Kunstindustrimuseet). Dokumentasjonsprosjektet ved universiteta er no på Internett med fleire databasar, og Folkeviseautomaten er eitt vellykka eksempel på eit av underprosjekta der.

I eit lokalt prosjekt har brukarane større moglegheit til å vere med i utforminga av informasjonstilbodet, og det er i forlenginga av dette at min konklusjon midtvegs i prosjektet kan oppsummerast i to punkt:

  • Fyrst er det viktig å ha klare mål, der kvar part føler dei får noko att for samarbeidet. Då det kan vere nødvendig å bruke tid på å definere behov for kvarandre - sjølv om tid er mangelvare.
  • Sist, men ikkje minst, er det viktig å knytte til seg kompetanse på dei tekniske sidene ved IKT, og det er her eg saknar ei samling av ressursar i ein seksjon. Den må gjerne liggje på fylkes- eller nasjonalt nivå for at fleire kan få nytte av desse ressursane. Det vil ikkje berre lette presset på ein prosjektleiar som av og til føler at ho ikkje strekkjer til, men det vil òg kunne sikre løysingar, som gjer at det arbeidet som gjerast i dag, også vil ha ein verdi i framtida.
26.11.07