[ Om prosjektet ]

"HEIMBYGDA - EIN REFLEKS AV LANDET OG VERDA" (19. SEPTEMBER 2001)

av prosjektleiar Elisabet Sveingar Amundsen

Innlegg heldt på Rørostreffet "Bibliotek i forandring. Regional konferanse om kommunikasjon, IKT og samarbeid i en ny tid", Røros, 19. september 2001. 
 

Innleiing
[ Ål bibliotek ] Eg skal presentere Heimbygda-prosjektet, som har pågått i snart to år med meg som prosjektleiar i litt over eitt. Det er eit samarbeidsprosjekt som tek sikte på å formidle lokalhistorie til grunnskuleelevar via Internett.

Den lokalhistorisk interesserte veit at det ligg mykje lokalhistorisk informasjon i bøker. "Heimbygda - ein refleks av landet" er tittelen på ei bok som står i hylla på Ål bibliotek med hyllesignatur 948.2614. Men spennande titlar er ikkje alt.
Difor er eg glad for å bli invitert til ein bibliotekkonferanse som denne, der temaet er kommunikasjon, IKT og samarbeid i ei ny tid. Eg takkar for det, og vonar eg kan formidle noko som kan vere nyttig for andre i den omstillingsfasen me er inne i no.

De skal få eit innblikk i det som har vore rammene for Heimbygda-prosjektet, det som har vore prosjektet sitt mål og middel. Eg skal kome nærare inn på forholdet mellom lokalhistorie og undervisning med utgangspunkt i læreplanverket L97, dei ulike fasane i prosjektet med mogligheit for å bli betre kjent med utkastet til nettstaden me arbeider med. Til slutt vil eg seie nokre ord om dei erfaringane me har gjort oss så langt. Det er erfaringar knytt til prosjektarbeid som samarbeidsform og arbeidsform, samarbeid innan ABM-sektoren og i forhold til skuleverket, og arbeid med fleire typar lokalhistorisk materiale, åleine og i forhold til IKT.
 
[ Heimbygda-prosjektet ] Rammene for prosjektet

Når eg no skal gå over til å presentere rammene for prosjektet, vil eg byrje med det enklaste, nemleg tidshorisonten: Heimbygda-prosjektet skulle vare i 2 år. Men elles, kva som er innanfor eller utanfor rammene til eit prosjekt, er vel eigentleg berre eit spørsmål om kreativitet og evne til å få gjennomslag. Tidsavgrensinga legg likevel føringar for arbeidet i prosjekttida.

I tillegg til den nokså korte tida, er rammene for Heimbygda-prosjektet, som for mange andre prosjekter, tufta på mål, økonomi og kompetanse. Forholdet mellom mål, økonomi og kompetanse handlar ofte om høge forventningar på den eine sida, og små midlar til disposisjon på den andre, noko som gjer at ein ynskjer mest mogleg ut av den kompetansen ein har. I vårt tilfelle har det vore med på å gje prosjektet ei sterk lokal forankring basert på samarbeid.

Heimbygda-prosjektet er for tida det einaste kommunale samarbeidsprosjektet i Ål kommune. Samarbeidspartane er:
  • Ål bibliotek (folkebibliotek med to filialar)
  • Ål bygdamusem (eit av tre lokale museum)
  • grunnskulen i Ål (seks barneskuler og ein ungdomsskule)

Desse tre samarbeidspartane er det som har gått saman om ei felles målsetting, der det heiter at: "Heimbygda-prosjektet skal

  • utvikle ein nettstad der grunnskuleelevane er den primære målgruppa
  • sameine skulen sin pedagogiske kompetanse med museet og biblioteket sitt materiale og kompetanse for å oppnå best mogleg kunnskapsformidling
  • gje elevane lyst til å lære ved at ein i formidlinga kombinerer kunnskap, oppleving og aktiv eigeninnsats
  • ved å visualisere lokalhistoria, syne elevane samanhengar og vegar ut til landet og verda"

Hovudmålet i prosjektet er å lage ein lett tilgjengeleg nettstad med lokalhistorisk informasjon og tilvisingar til litteratur og turmål. Denne informasjonen skal presenterast på ein måte som tek i bruk tekst, bilete og lyd, og det skal inspirere den einskilde eleven til å arbeide med lokalhistorie i samanheng med generell historie. Det er altså grunnskuleelvane som er den primære målgruppa, men vonleg vil også andre internettbrukarar, som er interessert i lokalhistoria i Ål, ha glede av å besøke ein slik nettstad.

Til gjennomføringa har me eit totalt budsjett på ca. kr. 900 000. I dette inngår eigeninnsats, som m.a. består av 450 lærartimar frå skulen, medan museet og biblioteket har gjeve 550 timar til saman for å frigjere sine tilsette til prosjektarbeidet. Den store eigeninnsatsen og ei relevant problemstilling i prosjektet, gjorde at Statens bibliotektilsyn stilte opp med midlar. Desse er supplert med tilskot frå kommunen og fylkeskommunen. Alt i alt har desse midlane gjort det mogleg å investere i noko EDB-utstyr, løne prosjektleiaren i 15 månader, ta kurs i FrontPage og Photoshop, og kjøpe ekstern hjelp om me treng det.

Det siste blir eit spørsmål om kompetanse
. Prosjektgruppa har fem medlem: ein bibliotekar, to lærarar, ein bygdebokforfattar som òg er museets representant - og meg, som er korkje lærar eller bibliotekar, men etnolog. Samansettinga gjev kompetanse innanfor pedagogikk og kulturformidling, arkiv-, biblioteks-, museumsarbeid, lokalhistorie og noko EDB. Biblioteks-, museums- og skulesektoren er ytterlegare forsterka med dei seks medlemma i styringsgruppa, som representerer samarbeidspartane, Buskerud fylkesbibliotek og Hallingdal Folkemuseum.

Kompetansen dekkjer i fyrste rekkje "konvensjonell" formidling av lokalhistorisk materiale, slik det går føre seg når skuleklasser oppsøkjer den einskilde institusjonen. Formidling av lokalhistorie er ikkje ukjent for samarbeidspartane. Men det Heimbygda-prosjektet framfor alt spring ut av, er den auka etterspurnaden etter materiale til prosjektarbeid som L97, Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen, har ført til.
 

L97 og lokalhistorie

Prosjektarbeid, slik det vert lagt fram i L97, er ei arbeidsform, der eleven tek utgangspunkt i ei problemstilling, gjerne med lokalt tilsnitt, og gjennomfører eit målretta arbeid frå idé til ferdig produkt i nært samarbeid med lærarane.

Det er ein samanheng mellom prosjektarbeid og såkalla temaorganisert opplæring. Frå 1.-4. klasse skal det vere minst 60% temaorganisert opplæring. Frå 5. klasse rettar temaorganiseringa seg stadig meir mot prosjektarbeid, medan prosentsatsen går ned. På ungdomstrinnet er den nede i 20 % (s. 77, 83-84).

Når lokalhistorie inngår i prosjektarbeidet eller kan nyttast som eksempel i den temaorganiserte opplæringa, rører det ved verdimessige så vel som pedagogiske spørsmål.

I forordet til L97 kan me lese at eit av måla for skulen i dag er å gje "ei opplæring som medverkar til eit felles kunnskaps-, verdi- og kulturgrunnlag hos alle, og som sikrar behovet for kompetanse både hos den enkelte og i samfunnet". Denne opplæringa skal ha ei lokal forankring. Kva denne forankringa går ut på, korleis og kvifor, blir sett i samanheng med fellesskap og tilpassing i "einskapsskulen". Her er eigenaktivitet og identitet, innsikt og toleranse nærliggande stikkord:

"Opplæringa må leggje vekt på å styrkje kunnskapen om og tilknytinga elevane har til lokalsamfunnet, naturen der, næringar, tradisjonar og levesett. Det krev eit breitt spekter av praktisk røynsle og aktivitetar, opplevingar og impulsar i lokalmiljøet. Det må skapast eit miljø der elevane saman med vaksne og saman med kvarandre tek del i ulike gjeremål. Opplæringa blir da meir praktisk og livsnær og byggjer bru mellom det sentralt fastsette lærestoffet og miljøet til elevane. Lokal forankring og identitet gir grunnlaget for ei breiare forståing for allmenne trekk i ulike livsvilkår - uavhengig av kvar folk bur (s. 58)."

Sjølv om forankringa er plassen elevane bur på og det lokalsamfunnet dei skal ta del i, er blikket retta utover. For å innfri desse måla må skulen pløye ny mark, og leggje til rette for ein samorda og heilskapeleg innsats for lærings- og oppvekstmiljøet. Som ein "sentral kulturinstitusjon" skal skulen nytte lokale ressursar fleksibelt i samarbeid med foreldre, andre kulturinstitusjonar, etatar og frivillige organisasjonar i nærmiljøet (sjå forordet). Skulen skal altså ikkje stå åleine i dette arbeidet.

Og, på same måten som elevane hentar erfaring frå nærmiljøet, skal skulen hente tilfang til lærestoffet frå nærmiljøet og lokalsamfunnet, seier forfattarane av L97 (s. 60). Nærmiljøet er ein felles arena for erfaringar, og materialet for desse erfaringane er gjerne leivningane frå fortida. Slik ligg det til rette for undervisning i lokalhistorie som del av eit større formidlingsprogram, der dei andre kulturarvinstitusjonane - arkiv, bibliotek og museum - er naturlege samarbeidspartar.
 
Arbeidet

Ål i øvre Hallingdal er ein kommune med ca. 4.700 innbyggjarar. Den profilerer seg som kulturkommune. Den har eit levande folkemusikkmiljø, og har lenge hatt eit sterkt lokalhistorisk interessert miljø rundt historielaget, bygdearkivet og bygdemuseet. Innsatsen har resultert i samlingar, registreringar og bokutgjevingar gjennom ei rekkje år. Likevel er det berre bygdebokarbeidet som er kommunalt drive. Resten skjer på frivillig basis av eldsjeler som driv gratis kulturdugnad. Heimbygda-prosjektet er såleis både eit brot og eit framhald av tradisjonane i det lokale kulturvernarbeidet.

Det at arbeidsforma som prosjektgruppa har brukt mest er arbeidsmøte, som jo liknar dugnaden, handlar mest av alt om at det er dette som fungerer best når prosjektarbeidet kjem på toppen av alt anna arbeid. For sjølv om midlane og innsatsviljen er der, er prosjektarbeid ofte noko som kjem i tillegg. Arbeidsmøte er òg effektivt når val skal takast i samarbeid.
  For dei som er interessert i å lese om prosjektarbeidet vårt i detalj, vil eg vise til rapportane som ligg ute på heimesidene til Ål bibliotek (NB - desse er fjerna pr 26. november 2007.). Det eg skal konsentrere meg om her er hovudfasane, som kan delast i tre:

1999 - førebuingar: Det var på initiativ frå biblioteksjefen i Ål kommune, Gerd Haug, at biblioteket, det lokale museet og grunnskulen søkte om statlege midlar til ein prosjektleiar. Etter påtrykk frå Statens bibliotektilsyn kom grunnskulen med i sterkare grad enn fyrst planlagt.

2000 - val av emne og materiale: På slutten av 1999 vart prosjektgruppa nedsett. Utover våren valde prosjektgruppa ut 9 emne, og gjekk gjennom den lokalhistoriske litteraturen. Då eg kom inn i fjor sommar vart emna og materialet sett i system, og arbeidet med bileta starta. Me valde eitt av emna, stølsliv, for å lage eit forslag til ein mal for nettstaden.
[ Framsida ] 2001 - utforming og test av nettstaden: Like før påske vart nettstaden (stølslivet) testa på 8. klassene i ungdomsskulen i samband med det som blir kalla 1800-tallsprosjektet. Testen vart avslutta med ei spørjeundersøking og eit arbeidsnotat. Tekstane elles blir testa på elevar i barneskulen. No står layout og lyd for tur, medan arbeidet med emna og materialet held fram. 
  
Døme: Stølslivet
[ Emne ] Emna er utgangspunktet vårt, meir enn kronologiar. Emneoversiktane er ordna alfabetisk og tematisk i 3 grupper med arbeidstitlane "Natur og menneske", "Kyrkje og samfunn" og "Historia og oss" som me ser her. Alt i denne emneoversikten kjem ikkje med i fyrste omgang, men eg skal vise noko av det me testa i 1800-talsprosjektet: stølslivet. 
Stølsliv ] Eit emne kan ein alltid sjå frå fleire synsvinklar, eller det har fleire sider som ein kan handsame for seg. Stølslivet kan t.d. vere
 [ Det farefulle stølslivet ]
  • det farefulle stølslivet, der søkjelyset er retta mot kjelder som fortel om farlige episodar under reisa og opphaldet i fjellet
  • det slitsame stølslivet med det tunge arbeidet i kvardagen på stølen
  • det gode stølslivet, der gode minne frå opphaldet på stølen står i fokus saman med stølsromantikken blant kunstnarane
[ emneark: Buføring ]
alfabetisk litteraturliste ]
liste over personar  ]
Me har freista å samle og aktivisere litteratur og andre kjelder i eigne lister og oversiktar, eller som referansar på meir spesifikke emneark, som t.d. buføring. Frå listene over litteratur og personar går det lenkjer til postar i bokbasen ved Ål bibliotek (Aleph).

Resultat

Førebels er resultatet ein halvferdig nettstad, mange tankar rundt formidling av lokalhistorie, og erfaringar frå IKT og kommunalt prosjektarbeid. Under arbeidet har me fått tilbod frå andre som er interessert i å samarbeide med oss. Desse har me diverre avslått. Difor er me glade for eit kvart høve til å kunne dele erfaringane våre med andre.
  

Erfaringar

Eg vil gjerne ta tak i erfaringar knytt til prosjektarbeid som samarbeidsform og arbeidsform mellom ABM-sektoren og skuleverket, og arbeid med lokalhistorisk materiale og IKT.

Samarbeid i ei ny tid er eit av tema for konferansen. Og for mange vil prosjektarbeid vere den naturlege samarbeidsforma. Ein samlar seg rundt ei felles problemstilling og gjennomfører eit målretta arbeid innan ei bestemt tid. Slik samlar ein ressursar lokalt, samstundes som det blir mogleg å søkje midlar utanfrå.

Skulen og ABM-sektoren møter dei same utfordringane i kunnskapsformidlinga. Partane er absolutt ikkje ukjente med kvarandre, men kontakten er ofte prega av at ABM-sektoren leverer tenester til skulesektoren. I vårt prosjekt må skulen tydeleggjere sitt behov, og møter gjennom dette biblioteket og museet i utforskinga av Internett som medium i formidlinga av det lokalhistoriske materialet. ABM-sektoren og skulesektoren har òg ulike utgangspunkt, og eg vil difor skilje mellom desse erfaringane.

Eg startar med ABM-sektoren
. Mykje talar for at arkiv, bibliotek og museum kan tene mykje på eit samarbeid. I Heimbygda-prosjektet har me sakna eit nærare samarbeid med bygdearkivet. Førebels blir løftet for stort for både partar når det gjeld tilrettelegginga av arkivmaterialet gjennom digitalisering eller arkivpedagogikk. Digitaliseringa gjeld berre register, delvis utført lokalt og delvis med hjelp frå Universitetet i Oslo. Situasjonen peiker på vesentleg ulikskap lokalt mellom kulturarvinstitusjonane, der biblioteket i vårt tilfelle er den sterke part når det gjeld tilgjengelegheit og nettverksarbeid. Om dei større institusjonane kan støtte dei små, trur eg det vil vere til gjensidig nytte for alle. For andre som tenkjer på liknande prosjekt vil eg anbefale å ta kontakt med universitetsmiljøa eller institusjonar på fylkesnivå.

Døme på spennande samarbeid finn me både i Stavanger, Bergen og Sogndal, der fleire samarbeider om skuleprosjekt. Det er marknad for å ta i bruk pedagogikk i ABM-sektoren, og eg vonar stadig fleire - også i Noreg - vil oppsøkje faga arkivpedagogikk, bibliotekpedagogikk og museumspedagogikk, eller at det blir oppretta eit rådgjevingsorgan i ABM-sektoren (jf. ABM Utvikling) som også kan gje råd til lokale skuleprosjekt.

L97 og samarbeidet med skulen er det som tydelegast peiker mot behovet for å tenkje meir på tvers, samordne og leggje til rette for prosjektarbeid lokalt i større grad enn til no. Erfaringane herifrå kan delast i to, der prosjektarbeid er éin del, medan kunnskapsformidling gjennom IKT har vist seg å vere eit felt, der elevane på mange måtar verkar betre rusta enn lærarane. Men ein ting er sikkert, utan læraranes kunnskap om lokalhistorisk materiale og nase for pedagogisk utforming av tekstar, kunne produktet ikkje nå målgruppa.

Skulen møter også utfordringar i omstillinga til den digitale kvardagen. Hjå oss har innføringa av eit nytt administrasjonsprogram gjort at dei IKT-ansvarlege ved skulane til no ikkje har vore disponible for prosjektet. Det leier til spørsmålet om ressursane som må til for å nyttiggjere seg mogligheitene med Internett.

Det største saknet for meg som prosjektleiar har nettopp vore å kunne støtte meg på nokon som kan både dei tekniske og pedagogiske sidene ved IKT. Slik kompetanse bør liggje føre for betre å vere rusta til å jobbe integrert med nettarkitektur og layout, som vidare heng saman med informasjonstypar og informasjonsmåtar. Om ein ikkje har slik kompetanse lokalt, bør eksterne samarbeidspartar kome inn - og det på eit tidleg tidspunkt.


Sluttord

Me vil bruke Internett som eit nytt innslag i formidlinga av lokalhistorie. Produktet vårt blir ein presentasjon i tekst, lyd og bilete, som det er meininga at prosjektet kan byggje vidare på og nå ut til stadig fleire med. Samstundes synte spørjeundersøkinga blant 13-åringene etter testen av "Heimbygda" at dei fleste enno føretrekk bøker framfor Internett i kunnskapssøkinga. Om kreftene i tida motarbeider boka skal vere usagt, men lykkast det lokale samarbeidet i ABM-sektoren og skulen, vil brukarane ha større moglegheit til å vere med på utforminga av informasjonstilbodet.

Eg vil slutte av her, men skylder Statens bibliotektilsyn å gjere merksam på at arbeidet med lokalhistorie på Internett gjorde Heimbygda-prosjektet til eitt av dei sju delprosjekta til "Skjermkontakt med lokalhistorien", eit paraplyprosjekt drive av Statens bibliotektilsyn. To av dei andre delprosjekta rettar seg også mot skuleverket - Stavanger og Austevoll bibliotek. Skulen, ABM-sektoren og lokalhistoriemiljøet er målgruppa for avslutningsseminaret for paraplyprosjektet på Bogstad Gård 12. november. Invitasjonane vart sendt ut i slutten av førre veke, og eg vonar at alle interesserte kan kome.

26.11.07