Om Heimbygda-prosjektet

Nettstaden Heimbygda vart lansert 23. mai 2002 etter eit samarbeidsprosjekt mellom grunnskulen i Ål, Ål bygdamuseum og Ål bibliotek frå 1999 til 2002. Meir enn 4000 arbeidstimar gjekk med og omlag kr. 900 000 i eigeninnsats og ABM-midlar frå staten, fylket og kommunen.

Heimbygda-prosjektet vart det fyrste ABM-prosjektet (arkiv, bibliotek og museum) i Ål kommune. Initiativet kom frå ein bibliotekar som såg at det vart meir prosjektarbeid etter L97 - Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen. Samstundes har eit nytt felt opna seg dei siste tiåra: formidling av kulturarv gjennom digitalisering. Slik er prosjektet eit svar på utfordringar og moglegheiter som mange lokalsamfunn møter i dag.

Prosjektet vart eit av sju i paraplyprosjektet Skjermkontakt med lokalhistorien (1999-2001) ved Statens bibliotektilsyn. Prosjektleiarane utgjorde ei nettverksgruppe, som gjennom rapportar og møte drog nytte av erfaringane til kvarandre.
 

Klikk her for å kome til ABM-utvikling

 


No har Ål bibliotek ansvar for drift og redigering av nettstaden.  

Klikk her for å kome til Ål kommune



Erfaringar frå ABM, skule og IKT
Erfaringane frå Heimbygda-prosjektet syner at felles innsats er viktig for å skape mangfald og sikre kvalitet i nettformidlinga. I samband med paraplyprosjektet og ABM-satsinga i biblioteksektoren elles fekk prosjektleiar Elisabet Sveingar Amundsen høve til å presentere desse erfaringane for eit større publikum:

Innlegg på avslutningsseminaret til paraplyprosjektet, 12. november 2001
Innlegg på ABM-seminaret i Buskerud, 18. oktober 2001
Innlegg på Rørostreffet, 19. september 2001
Innlegg på ABM-seminaret i Buskerud, 1. desember 2000

Last ned sluttrapporten, 23. mai 2002:
[ Word ]
Vedlegg 1: Arbeidsomtaler for styringsgruppa, prosjektgruppa og prosjektleiaren
Vedlegg 2: Rettleiing til Heimbygda
Vedlegg 3: Ansvar for nettstaden Heimbygda etter prosjektslutt [ Word ]