[ Om prosjektet ]

Prosjektleiaren

sitt ansvar for

H E I M B Y G D A

- ein refleks av landet og verda

er organisering og rapportering under prosjektperioden,
- vera koordinator for prosjektgruppa med kopi av referat til styringsgruppa
- ha kontakt med testklassene og lærarane
- vera sekretær for styringsgruppa
- vera prosjektet sin kontakt mot faglege instansar innafor ABM-sektoren, skuleverket på alle forvaltningsnivå og presse
- rapportere til paraplyprosjektet med kopi til styringsgruppa
- skrive sluttrapporten for prosjektet

kvalitetssikring,
- samarbeide med styringsgruppa om dei kvalitative sidene ved det som blir lagt ut
- vurdere stoffet som prosjektgruppa samlar og ha det kjeldekritiske ansvaret for det som blir lagt ut
- vera ansvarleg for at det som blir lagt ut er i samsvar med lovverk om opphavsrett o.a.

og praktisk gjennomføring av prosjektet
- organisere, systematisere og strukturere stoffet i samarbeid med prosjektgruppa
- lage nettstaden
- konsultere fagleg ekspertise når ho treng det
- vurdere kjøp av tenester, kvalitativt og økonomisk, og leggje det fram for styringsgruppa
- skaffe fram tilbod frå ulike netthotell og leggje det fram for styringsgruppa


Godkjend av styringsgruppa i møte 30.8.00.