Rettleiing til Heimbygda

Heimbygda er ein nettstad for alle, særleg lærarar og elevar i grunnskulen, som ynskjer å finne ut meir om Ål si lokalhistorie. Nettstaden er ikkje berre ein enkel presentasjon av lokalhistoria, men òg ein inngangsport til meir informasjon om emnet.  
 

Litt om tankane bak nettstaden finn du her.

Verd å merke seg

Framstillinga byggjer i stor grad på lokalhistorisk litteratur, der munnlege kjelder har vore utgangspunktet. Hovudvekta ligg på dagleglivet i Ål frå 1800 fram til tidleg på 1900-talet. 

Boktilvisingane er lenka direkte til Ål bibliotek sin bokbase. På den måten finn du fram til høveleg materiale som du kan låne på biblioteket.

Kva er (ikkje) lov?

Det er lov å lagre bilete og tekst på eigen maskin, og skrive ut sider til deg sjølv, familie og vennar (ikkje for mange!).

Deling (på data eller på papir) av bilete eller tekst i fulltekst (alle orda) er ikkje tillate utanom privat bruk. Du kan ikkje sjølv leggje bilete og forteljingar frå Heimbygda ut på Internett.

Elevar kan nytte tekstar og bilete frå Heimbygda til eigne skuleoppgåver og prosjekt. Hugs å skrive kor du fann materialet (sjå Heimbygda: Å nemne kjeldene).   

Kontakt nettredaktøren viss du er i tvil!

Skolenettet sine sider om opphavsrett


Korleis er Heimbygda bygd opp?

Heimbygda er ei nettside der tekstar og bilete er lenka til kvarandre: 

  • Alle understrekte emneord og namn fører til nye sider med tekstar og personopplysingar. Feite og understrekte boktitlar fører til bokbasen på Ål bibliotek.
  • Ord med ? er lenkjer til sider med spørsmålsoppgåver (sjå nedanfor). 
  • Når du klikkar på eit lite bilete kjem det fram i større format. 

Menyen

Den venstre kolonnen (menyen) du ser på startsida står fast same kva for side du går inn på. 
I menyen får du seks val: 

1) Emne
2)
Folk
3) Søk i bokbasen
4) Andre stader
5) Nytt!
6) Spør oss


 Når du klikkar på Heimbygda-ikonet i menyen kjem du alltid attende til startsida.



  

1) Emne

Her kjem du til ei oversikt over emna i Heimbygda. Kvart emne seier noko om ålingane sitt liv før i tida. 

Det finst 12 hovudemne. Nedanfor er hovudemna Garden, Stølsliv, Mat og Vatn. 

Kvart hovudemne er vidare delt inn i underemne. Hovudemnet Garden har underemna Husa på garden, Arbeidet på garden og Folket på garden. 
Når du klikkar på underemnet får du ei side med informasjon i tekst og bilete. Etter kvart skal du òg kunne høyre på lydfiler. 
Du finn lenkjer vidare til tre forteljingar, og til gode spørsmål og svar

Natur og menneske
Garden Kjelder og turmål
Ordliste
Husa på garden
Arbeidet på garden
Folket på garden
Stølsliv Kjelder og turmål
Det farefulle stølslivet
Det slitsame stølslivet 
Det gode stølslivet
Mat Kjelder og turmål
Mjølk
Kvardagsmat
Mat til
fest og fremman
Vatn Kjelder og turmål
- samferdsel, vasskraft og reinsemd

Spørsmål og svar
?
Buføring
?
Buskapen
? Gjeting 
? Rovdyr
? Slått og fôrkøyring
? Vêret
? Reiskapar te pynt og nytte
 

 Kva er "Kjelder og turmål"?
 Under kvart hovudemne ser du ei lenkje til Kjelder og turmål. Klikk på lenkja, og du finn ei liste over bøker, filmar og lyd som handlar om dette emnet.

 Viss du klikkar på ein boktittel eller på eit emneord heilt nedst på Kjelder og turmål-sida kjem du til bokbasen til Ål bibliotek. Der kan du finne ut meir om bøkene og om dei er inne på biblioteket. Du kan òg sende melding til biblioteket om ei bok du ynskjer å låne.

På samme sida er det òg forslag til turmål i Hallingdal.

 
Kva er "Spørsmål og svar"?
Klikk på Spørsmål og svar og prøv å løyse oppgåver! Her får du svar på spørsmåla, og du får vite korleis du kan finne ut meir om emnet.


2) Folk
Her finn du ei alfabetisk liste (på etternamn) over folk som er omtalt i Heimbygda, med korte opplysningar om når dei levde og kva dei har gjort.

Du finn lenkjer til sider i Heimbygda der personen er nemnt. 


3) Søk i bokbasen

Her kjem du rett til søkjesida for bokbasen i Ål bibliotek.

Du er på eiga hand og kan søkje etter bøker om særskilte emne, eller bøkene til ein forfattar.


4) Andre stader
Her finn du lenkjer til nyttige nettstader utanom Heimbygda som du kan bruke i arbeidet ditt.

For kvar nettside får du kort informasjon om kva sida inneheld, og tips om spesielt relevante emne.


5) Nytt!
Har det kome inn nytt stoff eller andre endringar i Heimbygda? Skal det vere møte om nettstaden? Då vil du finne ei melding om det her.


6) Spør oss

Har du spørsmål, finn du feil eller manglar, kontakt oss. Alle tips og idear vil vere verdifulle innspel.





Lykke til!